Turar :)

No har det vore mykje fint vér, og me er ute stort sett heile dagane. Me har vore på fleire turar til mellom anna Aneflaten og Pilavika 🙂

Ein dag var den eldste gruppa oppe og den yngste gruppa nede på tur til Aneflaten. Der leika dei at dei var på båttur, huska og sklei på sklia. Dei hadde med matpakke og åt lunsj der.

Onsdag denne veka var avdelingen oppe på besøk hjå Inger Lise. Der grilla dei, åt is, hoppa på trampolina og leika i hagen. 🙂

Giraffane har vore på fleire kjekke turar denne veka.
Tysdag vart me invitert til Sølviann og me storkosa oss i hagen med gøymsel, fotball og mykje anna kjekk leik.
Las «Karsten og Petra får sykkel» og teikna til boka, etter lunsj spanderte Sølviann is på oss. nam nam 🙂

Onsdag var heile barnegruppa på tur til Pilaviki og me hadde endå ein super dag. Veldig spennande å vere på skattejakt i fjøresteinane, og sjå helikopter på nært hald.

Torsdag hadde me tenkt oss ein tur ut i Skrivargarden for å leike, på veg utover plukka ungane blomster og me byrja å snakke om Natalia. Me bestemte at me ville ut på grava hennar med blomane for me veit kor glad ho var i blomster og fine fargar. Det vart ei fin stund ved grava og ungane snakka om gode opplevingar dei har delt saman med ho og at ho var ei god venninne.
På veg innover att møtte me Svein i strandavegen, han ville vise oss nausta sine. I det eine hadde han verkstad og dreiv og fiksa på ein bil, i det andre hadde han stove, kjøken, bad og soveplass. Veldig spennande å få sjå!! 🙂 Han fortalde oss om bilen han ordna, makrellen i fjorden og korleis Dagmar- stormen hadde herja. Alle synes det var veldig kjekt og kommentaren når me gjekk vidare var; «Svein er grei! » 🙂
Etter lunsj og leik i Skrivargarden (me kom oss dit 🙂 ) gjekk me mot Askedalen att. På vegen fann me ut at det hadde vore kjekt å sjå kor Iselin bur, for no har me sett huset til nesten (!) alle i giraff gruppa. Det var òg veldig spennande. Ho hadde ein flott hage og høner til kjæledyr! Ungane vart so fasinert og praten gjekk ivrig på veg tilbake til barnehagen vår! Takk for ein super tur! Minne for livet 🙂

Dette innlegget vart posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s