Politibamsen Eddie

Eddie

På fredag kom politibamsen Eddie på besøk til både stor og liten avdeling. Ungane følgde spente med då dei fekk høyra historiane om kvifor Eddie har plaster på seg; dei fekk høyra at det er viktig å ha på seg bilbelte i bilen, ha hjelm på hovudet når ein syklar, sjå seg føre før ein går over vegen og bruka refleks. Det var kjekt å få helsa på Eddie:-) Og det var spanande å sjå blålysa og høyra sirene på politibilen!

kino

 

Etter besøket hadde me «kino» på stor avdeling. Me såg ein episode av Vennebyen der me fekk sjå kvifor det er viktig å bruka hjelm når ein syklar. Og so såg me ein episode av Karsten og Petra der me såg kor viktig det er å sjå seg føre før ein går over vegen. Me brukte filmane til å forsterka bodskapet om trafikktryggleiken som politibamsen Eddie hadde snakka om.

  • Personalet skal gi barna meiningsfylte møte med personar, arbeidsplassar og institusjonar i nærmiljøet og sørgje for at barna får bearbeide og utdjupe opplevingane (Rammeplanen, 2011:48).
Dette innlegget vart posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s