Fredag hadde me vår tradisjonelle FN-basar i barnehagen til inntekt til Barnehjelp Afrika; Tusen takk til alle som bidrog til at dette vart ein flott dag!
Ungane har vore med å laga og samla inn gevinstar til basaren, laga plakatar og pynta. Sjiraffane tok betalt for gryterett, sveler, kaffi og saft og hjalp til med loddsalget.
- Gjennom arbeidet med nærmiljø og samfunn skal personalet sørge for at barna erfarer at vala og handlingane deira kan påverke situasjonen for seg sjølv og andre. (Rammeplanen, 2017:57).
Kunstutstilling. Alle ungane hadde laga flott kunstverk som foreldra kunne kjøpa for ein valgfri sum.
- Barnehagen skal leggje til rette for samhøyrsle og kreativitet ved å bidra til at barna saman får oppleve og skape kunstneriske og kulturelle uttrykk. (Rammeplanen, 2017:50).
Det var tippekonkurranse og quiz også i år:)
Det er i prosessen i eit arbeid læring skjer. Gjennom bilete og tekst fekk foreldre sjå, og barna syne korleis dei har jobba fram resultata til FN-basaren.
- Dokumentasjon av det pedagogiske arbeidet skal inngå i barnehagen sitt arbeid med å planleggje, vurdere og utvikle den pedagogiske verksemda. (Rammeplanen, 2017:39).
- Bruk av digitale verktøy i det pedagogiske arbeidet skal støtte opp om barna sine læreprosesser. (Rammeplanen, 2017:50).
Her har barna nytta fagområdet mengd, rom og form inn i kunsten. Taustigen er laga av rekve dei fann i fjæra.
- Gjennom arbeid med mengd, rom og form skal barnehagen bidra til at barna leiker og eksprimenterer med tal, mengd og teljing og får erfaring med ulike måtar å uttrykkjer dette på. (Rammeplanen, 2017:50).