Turar i nærmiljøet

Våren er ei fin tid for turar og utforsking i nærmiljøet. Begge avdelingar har nytta uteområdet på Njøs mykje, til turar både med og utan matpakke. Me har no satt opp fleire naturleiker, mellom anna dumpe, balansebommar, fleire husker og klatretau.

  • Gjennom arbeid med kropp, rørsle, mat og helse skal barnehagen bidra til at barna opplever trivsel, glede og meistring ved allsidige rørsleerfaringar, inne og ute, året rundt (Rammeplanen:49).

file

Barna har kome med forslag til kva aktivitetar dei ynskjer å ha og dei har vore med i prosessen med å lage det til. Me har fokus på gjenbruk og har til dømes nytta rekved som me har funne i Pilavika.

  • Gjennom arbeid med natur, miljø og teknologi skal barnehagen bidra til at barna lagar konstruksjonar av ulikt materiale og utforskar kva moglegheiter reiskapar og teknologi kan by på (Rammeplanen:52).

Dei ulike aktivitetane legg opp til at barna kan utfordra seg sjølve etter eige meistringsnivå. Me ser at barna prøver sjølv og hjelper kvarandre.

file4

  • Gjennom arbeid med kropp, rørsle, mat og helse skal barnehagen bidra til at barna opplever å vurdere og meistre risikofylt leik gjennom kroppslege utfordringar (Rammeplanen:49).

Barnehagen har også gått på tur til andre plassar, mellom anna Aneflaten, Ole Brumm-skogen og Hjeddl. Onsdag 2. mai var avdelingen oppe saman med halve avdelinga nede på tur til ein sauefjøs på Njøs. Der fekk barna inn i fjøset å helsa på lam 🙂

  • Gjennom arbeid med natur, miljø og teknologi skal barnehagen bidra til at barna får kunnskap om dyr og dyreliv (Rammeplan:52).

file3

Etterpå skulle barna gå tur til Edderkopphuset. På vegen vart eit nytt område oppdaga og planane forandra seg. Turen enda i Ulvateigen, eit fint skogsområde over Njøs.

  • Gjennom arbeid med nærmiljø og samfunn skal barnehagen bidra til at barna utforskar ulike landskap, blir kjende med institusjonar og stader i nærmiljøet og lærer å orientere seg og ferdast trygt (Rammeplanen:56).

På turen var det mange gode samtalar mellom barna, dei undra seg over det dei såg, og insekt og andre skattar som dei fann. file2

  • Gjennom arbeid med kommunikasjon, språk og tekst skal barnehagen bidra til at barna bruker språk til å skape relasjonar og delta i leik, og som reiskap til å løyse konfliktar (Rammeplanen:48).

 

Torsdag 3.mai deltok Revane (naturvaktene våre) og Sommarfuglane på den landsomfattande ryddedugnaden. Me gjekk ein tur til sentrum, opp Riverdalen og ned igjen Gjertrudbakken. Barna er ivrige til å rydde og veit godt kva som ikkje høyrer heime i naturen 🙂

file1

  • Gjennom arbeid med natur, miljø og teknologi skal barnehagen bidra til at barna får kjennskap til naturen og berekraftig utvikling, lærer av naturen og utviklar respekt og gryande forståing for korleis dei kan ta vare på naturen (Rammeplanen:52).
Dette innlegget vart posta under Vedtekter. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s