Tur til De Heibergske Samlingar

Mandag 4. juni reiste barnehagen til De Heiberske Samlingar på Kaupanger. Denne turen er ein fin og innhaldsrik tradisjon. På museet fekk barna først høyra eventyret om den sjuande far i huset.

  • Gjennom arbeid med kommunikasjon, språk og tekst skal barnehagen bidra til at barna opplever spenning og glede ved høgtlesing, forteljing, song og samtale (Rammeplanen:48).

file

Etter eventyrstunda såg me på dyra og dei gamle husa som er der. Husa på bileta over og under er frå Henjesanden på Leikanger, og barna undra seg over korleis dei hadde fått til å flytta husa heilt inn til Kaupanger. «Kanskje tok bussen med seg dei og!» var eit av forslaga.

  • Gjennom arbeid med nærmiljø og samfunn skal barnehagen bidra til at barna blir kjende med lokalhistorie og lokale tradisjonar  (Rammeplanen:56).

file1

Dei har mange fine dyr og me fekk helsa på hesten, grisane, sauene, høner og kyr. «Grisane var dei morsomaste dyra, for dei laga snøftelydar» sa ein sjiraff. «Nei alle dyra var like kjekke å sjå for dei var gode vener» sa ein av revane.

file-1

  • Gjennom arbeid med natur, miljø og teknologi skal barnehagen bidra til at barna får kunnskap om dyr og dyreliv (Rammeplanen:52).

file1-1

Etter lunsj gjekk me tur i Eventyrskogen. Der fekk me helsa på Bukkane Bruse, Oskeladden, små og store troll og mykje anna spennande. «Det kjekkaste i eventyrskogen var å ta ansiktet gjennom trollhovudet, då trudde alle eg var eit troll!» sa ein av Sjiraffane etterpå.

  • Gjennom arbeid med kommunikasjon, språk og tekst skal barnehagen bidra til at barna møter eit mangfald av eventyr, forteljingar, segner og uttrykksformer (Rammeplanen:48).

file2

Me leika også på leikeplassen, der dei har sandkasse, vippe og sklia. Det er også laftestokkar der og barna bygde seg hus og fjøs til dyra – inspirert av det dei hadde opplevd på museumsvandringa.

  • Gjennom arbeid med kropp, rørsle, mat og helse skal barnehagen bidra til at barna opplever trivsel, glede og meistring ved allsidige rørsleerfaringar, inne og ute, året rundt (Rammeplanen:49). 

file3

I eventyrskogen fann me informasjon om dyre- og planteliv i skogen. Dette la til rette for gode samtalar der barna fekk undra seg, reflektere og stille spørsmål over det dei opplevde.

  • Gjennom arbeid med natur, miljø og teknologi skal barnehagen bidra til at barna får kjennskap til naturen og berekraftig utvikling, lærer av naturen og utviklar respekt og gryande forståing for korleis dei kan ta vare på naturen (Rammeplanen:52).

file4

Dette innlegget vart posta under Vedtekter. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s