Onsdag 20.06.2018 reiste ei gruppe med barn til Åberge Planteskule på Ylvisåker. Der handla dei 8 bærbusker- ei til kvar av Sjiraffane. Ungane fekk plukka ut kva me skulle kjøpa og det vart rips, blåbær, solbær og bringebær.
Sjiraffane fekk laga eigen namnelapp til buska der det stod kva plante det er, datoen den vart planta og kven som har planta den.
- Personalet skal leggje til rette for at barn utforskar, leiker, lærer og sjølve skaper noko gjennom digitale uttrykksformer (Rammeplanen:45).
Alle var spente på om bæra vart modne før dei byrja på skulen. Dei var samde om at dei måtte tilbake til barnehagen for å sjå etter dei 🙂
- Å møte individet sitt behov for omsorg, tryggleik, tilhøyrsle og anerkjenning og sikre at barna får ta del i og medverke i fellesskapet, er viktige verdiar som skal speglast i barnehagen (Rammeplanen:7).