Kleppadagar

7., 8. og 9. november var avdeling nede på Kleppa, der me nytta hytta til jakt- og fiskelaget som utgangspunkt for fine turar i området, utforsking og leik i naturen.

Onsdag 7. november gjekk me tur til den nye dagsturhytta «Orrabu». Me hadde med oss matpakke og varm saft, og det var ein fin tur for store og små. Etter lunsj utforska barna området rundt, der dei mellom anna fann småkryp og spor etter hjort.

  • Barnehagen skal vere ein arena for dagleg fysisk aktivitet og skal stimulere rørslegleda og den motoriske utviklinga til barna (Rammeplanen:11).

Processed with MOLDIV

  • Barna skal få naturopplevingar og bli kjende med mangfaldet i naturen, og barnehagen skal bidra til at barna opplever tilhøyrsle til naturen (Rammeplanen:11).

Torsdag 8. november var revegruppa på tur til Rolftreet. Der klatra og leika dei, og treet er ein fin plass for fysisk utfolding. Til lunsj grilla me pølser i grillhytta og etterpå hadde me lesestund. To barn og ein vaksen frå avdeling oppe var saman med oss denne dagen.

  • Gjennom arbeid med kropp, rørsle, mat og helse skal barnehagen bidra til at barna opplever trivsel, glede og meistring ved allsidige rørsleerfaringar, inne og ute, året rundt (Rammeplanen:49).

  • Gjennom arbeid med kropp, rørsle, mat og helse skal barnehagen gi barna tilgang til varierte og utfordrande rørslemiljø, sanseopplevingar og kroppsleg leik ute og inne, i og utanfor barnehageområdet (Rammeplanen:50).

Fredag 9. november gjekk me på tur til Høgehaug. Me hadde med mat og varm saft på denne turen også, og ein vaksen og to barn frå avdeling oppe var med. Det var siste dagen til studenten vår og på toppen av Høgehaug fekk alle ungane ei lita avslutningshelsing; eit sjokoladehjarte. Når me kom tilbake til Kleppa fekk studenten ei helsing frå barnehagen, og me hadde ei lita songsamling.

Me hadde nokre fantastiske dagar!

  • Gjennom arbeid med natur, miljø og teknologi skal personalet leggje til rette for mangfaldige naturopplevingar og bruke naturen som arena for leik, undring, utforsking og læring (Rammeplan:52).

  • Barnehagen skal i arbeidet sitt inkludere nærmiljø og lokale forhold ved planlegging og gjennomføring av aktivitetar og bidra til at barna får meistringsopplevingar, samtidig som dei har noko å strekkje seg etter (Rammeplanen:43-44).
Dette innlegget vart posta under Vedtekter. Bokmerk permalenkja.

1 Response to Kleppadagar

  1. Anna Hamre seier:

    Hei:)

    Takk for informasjon og fine bilete:) Supre dagar, som barna og me foreldre er svært takknemlige for!:)

    Mvh Anna

    > 12. nov. 2018 kl. 14:58 skrev Askedalen Barnehage AS : > > >

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s