Førjulsaktivitetar på avdelinga nede

Desember er ein månad prega av kjekke aktivitetar knytt til juleførebuing. Tre mandagar på rad har me hatt felles adventssamling med avdeling Oppe. Det er triveleg for store og små med felles aktivitetar. I desse samlingane har me tent lys, lese historie om Pulverheksa og sunge julesongar. Kvar dag  opnar me ei ny luke i adventskalendaren vår. Der ligg det eit hjarte med dagens dato, eit kort med song eller aktivitet og ein julepynt til juletreet. Det blir ekstra fokus på teljing, tal, rekketal og dato.

  • Gjennom arbeid med mengd, rom og form skal barnehagen bidra til at barna leiker og eksperimenterer med tal, mengd og teljing og får erfaring med ulike måtar å uttrykkje dette på (Rammeplanen:53).

Processed with MOLDIV

Revane og Sjiraffane har øvd mykje på julesongar og hatt to flotte opptredenar. Først på juletrefesten saman med foreldre, så på kommunestyremøtet den 13.desember. Det var same dag som me markerte Lucia-dagen og her fekk me med oss ordføraren i Lucia-toget!

  • Gjennom arbeid med kunst, kultur og kreativitet skal personalet motivere barna til å uttrykkje seg gjennom musikk[…] (Rammeplanen:51).

Processed with MOLDIV

  • Gjennom arbeid med kunst, kultur og kreativitet skal personalet gi barna høve til å bli kjende med eit mangfald av tradisjonar og kunstog kulturuttrykk frå fortid og samtid (Rammeplanen:51).

Nokre torsdagar i haust har Sjiraffane vore på bingo, og siste gongen før jul var dei så heldige å vinna kvar sin sjokoladekalender. Der må dei lytta etter kva tal som blir ropt opp, før dei må finna ut om dei har talet på brettet sitt. Når me er på bingo øver me også på å ta omsyn til dei andre som deltek på bingo, noko som er viktig når me får lov til å koma på besøk og delta saman med dei eldre.

Kvart år har me eit samarbeid med aldersheimen der barna kjem på besøk for å baka peparkaker saman med dei som bur der. I år besøkte me dei to gonger og bakinga var suksess for både store og små. Me hadde med oss to Marihøner på bakinga også.

Processed with MOLDIV

  • Gjennom arbeid med kropp, rørsle, mat og helse skal personalet leggje til rette for at måltid og matlaging bidreg til måltidsglede, deltaking, samtalar og fellesskapskjensle hos barna (Rammeplanen:50).

Processed with MOLDIV

 

Torsdag 6.desember heldt barneskulen sin tradisjonelle lunsjkonsert i Saften. Heile avdelinga reiste bort for å høyra på flott song frå det flinke storkoret! Her øvde barna seg på å vera publikum, der me lytta til kvar song og klappa etterpå. For anledninga hadde gruppene fått eigne huer til ulike utflukter.

Processed with MOLDIV

 

Kvar jul inviterer Leikanger kyrkje barnehagebarna i heile kommunen til førjulssamling, der me syng julesongar og får presentert juleevangeliet på ein barnevennleg og fin måte.

  • Gjennom arbeid med etikk, religion og filosofi skal barnehagen bidra til at barna får kjennskap til, og markere merkedagar, høgtider og tradisjonar i den kristne kulturarven og andre religionar og livssyn som er representerte i barnehagen (Rammeplanen:55).

Processed with MOLDIV

Etter førjulssamlinga var heile avdelinga invitert til julebord i fjøsen til Sverre. Han hadde pynta og dekka på langbord, og serverte pizza til oss. Me høyrde også nissen som bur på loftet i fjøsen…han skrapa litt i veggen og gav uttrykk for at han ville ha pizza han og.

Processed with MOLDIV

Det var eit fint julebord hjå Sverre! Og me set stor pris på at han laga det så flott til for oss! 🙂

 

 

Dette innlegget vart posta under Vedtekter. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s