Duggletur til Kjørnes barnehage.

Torsdag 14 februar reiste Sjiraffar på besøk til Kjørnes barnehage. Gjennom regionale fagnettverk har barnehagar vorte kjend på tvers av kommunegrenser og blitt flinkare til å hospitere hjå kvarandre. I Kjørnes jobbar Mette og Kari som var tilsette hjå oss tidlegare. Mette tok imot oss denne gongen saman med 18 barn i alderen 3-5 år.

Som ledd i kommunesamanslåinga, er det og viktig at barna får lære og erfare at vi snart er del av eit større fellesskap, ei historisk hending som dei truleg berre vil oppleve ein gong. Vi kan lære og finne ut mykje saman i samtaler, bøker og på internett,  men denne gongen reiste vi på duggletur.  Gjennom sansane våre opplever vi korleis andre barn har og gjer det i deira barnehagen. Sjiraffane var skjønt einige om at Sogndøle ikkje er så verst og at det er heilt greit med ny storkommune.

I Kjørnes møtte vi opp i ein fantastisk lavvo som uteavdelingar nyttar til måltid, leik, kvile og til å varme seg i. Uteområdet rundt lavvoen er skog og natur, og det gjekk ikkje lenge før ungane byrja leike og fann nye, utfordrande aktivitetar.

Etter fjellklatring, leik i elva, svev i  slenghuskar, «kokkelering og dandering» på serveringsbrett, gjekk vi saman bort til hønsefarmen. Her fekk vi sjå, høyre og ta på hanar og høner, som til og med la egg vi fekk plukke. Hakkekylling fekk ein ny meining for ei av hønene såg ut til å ha vorte hakka på så mykje at ho ikkje hadde att fjør. Mykje spenning og nye, sterke lukter for ungane som ikkje var redde for å krype inn i buret deira.

Så var det mat i den varme lavvoen og der åt vi skive og drakk kakao. Vi delte med våre nye venner, snakka saman og hadde ei stemningsfull oppleving før vi avslutta med kvilestund på skinnfeller og Albert Åberg.

På våren får vi besøk av ungar og vaksne i Kjørnes som vil på duggletur til Njøs og håpar at Pulverheksa er der. Vi takkar for ein flott dag som gjekk så alt for fort.

 

  • Barnas medverknad i kvardagslivet i barnehagen legg grunnlaget for vidare innsikt i og erfaring med å delta i eit demokratisk samfunn. Gjennom ut­forsking, opplevingar og erfaringar skal barnehagen bidra til å gjere barna kjende med sitt eige nærmiljø, samfunnet og verda(Rammeplan 2017:55).

 

 




Dette innlegget vart posta under Vedtekter. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s