Temafest

Fredag 15. februar hadde me temafest i Askedalen. Då var begge avdelingane samla til framsyningar knytt til tema frå dei aldersdelte gruppene. Kvart år er barna med på å medverke til kva som skal vera årets tema, og i år valde avdeling Oppe temaet «Eventyr» og avdeling Nede temaet «Kaptein Sabeltann».

  • Innhaldet i barnehagen skal vere allsidig, variert og tilpassa enkeltbarnet og barnegruppa (Rammeplanen:19).

Arbeidet med tema er knytt opp til dei ulike fagområda, og me nyttar bøker, forteljingar, kunst og handverk, lydbøker, song, film og rollespel. Barna får øve seg på samarbeid, kommunikasjon, problemløysing, kreativitet og å vere del av eit fellesskap.

Processed with MOLDIV
  • I barnehagen skal barna få delta i avgjerdsprosessar og vere med på å utvikle felles innhald (Rammeplanen:21).

Sjiraffane tok utgangspunkt i boka «Pinky blir en av Kaptein Sabeltanns menn» og dramatiserte denne med innleving og humor. Pinky skulle endeleg få reise på skattejakt med Den Sorte Dame som del av Kaptein Sabeltann sitt mannskap. Han er liten og ung, men det viste seg at ein kan likevel vere lurare og smartare enn dei store piratane! Pinky vart etter ei spennande skattejakt heidra som den modigaste og smartaste piraten på skuta! Sjiraffane delte ut gullpeng til alle i publikumet, og festen var i gang!

Revane hadde sjekka litt faktaopplysningar rundt fenomenet Sabeltann. Dei presenterte i tur og orden: Kven var han? Kva handla bøkene hans om? Barna laga kvar sin flotte plakat, med bilete av dei ulike bøkene eit lite resymè frå handlinga i bøkene. Så viste dei fram desse plakatane i tur og orden, medan dei brukte plakatane som manus. Terje Formoe er forfattaren, låtskrivaren og den opprinnelege skodespelaren som skapte Kaptein Sabeltann i 1989 til ei sommarforestilling i Kristiansand Dyrepark. Figuren og historiane har fenga barn i 30 år, og Revane presenterte dei litterære verka hans på ein opplysande og konkret måte. Dei andre aldersgruppene lærde mykje av Revane!

Processed with MOLDIV

Sommarfuglane ville først og fremst byggja ei skuta dei skulle måla på. Med god hjelp frå Edith og Sverre, vart det ei «Kaptein Sabeltann skute» alle gruppene kunne nytta i sine framføringar. I etterkant av temafesten vert skuta aktivt nytta i leiken til barna. Sommarfuglane valde rollane sine sjølve og dikta i fellesskap ei spanande historie der Kaptein Sabeltann møtte alle slags figurar. Mellom anna ei fin prinsesse og ein tiger! Gjengen møtte også på Grusomme Gabriel, men det fine var at alle fekk vere med i skuta uansett! God moral som viser inkluderande haldningar hjå barna.

Processed with MOLDIV

 

Processed with MOLDIV

 

  • Personalet skal bidra til at barna får felles erfaringar som grunnlag for leik og leggje til rette for utvikling av leiketema (Rammeplanen:20).

Marihønene dramatiserte eventyret om «Bukkene Bruse» og presenterte dette gjennom bilder på storskjerm til dei andre. Etterpå framførte dei song knytt til eventyret.

Processed with MOLDIV

Til lunsj fekk barna «Skattekiste» med grønsaker, kjøtpølser, pastaskruer og tomatsaus. då alle hadde ete seg gode og mette, leika me «Katta i sekken»! då fekk alle barna slå eit slag på sekken, og til slutt fekk me hol på den! Då ramla det ut kvar sin godteripose, og stemninga stod i taket! Barna har jobba mykje med tema vennskap gjennom heile førebuinga, og heile temafesten var prega av deling, samarbeid, ros til kvarandre, vente på tur og lytte/ vere publikum. Takk for ein fin temafest, til alle våre små!

  • Gjennom arbeid med kommunikasjon, språk og tekst skal barnehagen bidra til at barna møter eit mangfald av eventyr, forteljingar, segner og uttrykksformer (Rammeplanen:48).

 

Dette innlegget vart posta under Vedtekter. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s