Rugeegg og 17.mai markering

Tysdag 14.mai reiste nokon av Revane til Kjørnes barnehage for å henta rugeegg. Der inne har dei hønsegård og ungane i Kjørnes driv entreprenørskap ved å selja egga som hønene legg. Me kjøpte 15 egg av dei, og for å kunne ruge fram desse fekk me låna rugemaskina deira. Dei gav oss også mange nyttige tips knytt til rugeprosessen. Me har hatt fokus på viktigheita av å kunne samarbeide med andre og å læra av andre, og ikkje minst rose andre for det dei får til! Ekstra kjekt var det å besøka Kari Grinde og sjå korleis barnehagen ho jobbar i no ser ut.

Processed with MOLDIV

  • Gjennom arbeid med nærmiljø og samfunn skal barnehagen introdusere barna for personar, stader og samfunnsinstitusjonar i nærmiljøet for å skape tilhøyrsle og hjelpe barna med å orientere seg og ferdast trygt (Rammeplanen: 57).

Processed with MOLDIV

  • Gjennom arbeid med natur, miljø og teknologi skal barnehagen bidra til at barna får kunnskap om dyr og dyreliv (Rammeplanen:52).

No ventar me i spenning på å sjå om me klarar å klekka fram ein ny sogndøl…

Onsdag 15.mai inviterte me foreldre til å vera med på barnehagen sin 17.mai-markering på Njøs. Her kom alle barna i tog frå barnehagen, bak den flotte fana vår. Dei song nasjonalsongen og «17.mai er vi så glad i», ropte «hurra» og marsjerte i takt etter Sverre sin tromming. Oppe på Njøs vart det servert potetgraut med tilbehør, pølser og kaker. Me hadde også forskjellige 17.mai leiker – som potetløp, sekkeløp, putekrig og kubb. Barna har jobba med førebuing til denne markeringa i barnehagen, der dei har lært om historia om kvifor me feirer 17.mai og laga sine eigne 17.mai kruner.

Processed with MOLDIV

• Gjennom arbeid med nærmiljø og samfunn skal barnehagen bidra til at barna blir kjende med lokalhistorie og lokale tradisjonar (Rammeplanen:56).

Processed with MOLDIV

  • Gjennom arbeid med kropp, rørsle, mat og helse skal barnehagen leggje til rette for at måltid og matlaging bidreg til måltidsglede, deltaking, samtalar og fellesskapskjensle hos barna (Rammeplanen:50).

Processed with MOLDIV

  • Gjennom arbeid med kunst, kultur og kreativitet skal barnehagen bidra til at barna kjenner seg glade og stolte over si eiga kulturelle tilhøyrsle (Rammeplanen:51).

Takk til alle som bidrog til at det vart ei så flott markering!

Dette innlegget vart posta under Vedtekter. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s