Kleppaveka dag 1 – tur til Høgehaug.

Tysdag 11.juni gjekk turen til Høgehaug. I fantastisk vær tok vi fatt på bakkane og fekk kjenne at kroppane våre kan både puste og sveitte. Når vi går slik vert samtalane gode og mange, og vi opplever natur og dyr på vegen.

På Høgehaug smurde vi lunsj på utebordet ved trekanthytta og ikkje lenge etter var rolleleiken i gang.

Det er flott og sjå stubben som vert den kulaste bussen eller treet, som etter litt sanking av pinner og ved, vert til ei hytte med tak og to inngangar. Ungane leikar, samarbeider og gløymer tid og stad. Alle får være med.

  • Barnehagen skal aktivt leggje til rette for omsorgsfulle relasjonar mellom barna og personalet, og mellom barna sjølve, som grunnlag for trivsel, glede og meistring (Rammeplanen: 19) .

Tilbake til hytta får barna springe så fort dei orkar og dei får erfare at ulendt terreng kan utfordre små føter. Men plaster hjelper på det meste og dei skal lære å meistre og kontrollere eigen kropp.

  • Gjennom arbeid med kropp, rørsle, mat og helse skal barnehagen bidra til at barna opplever å vurdere og meistre risikofylt leik gjennom kroppslege utfordringar (Rammeplanen: 49).


Før vi gjekk tilbake til jakt- og fiskehytta stoppa vi ved froskedammen for å sjå etter rumpetroll. Det fann vi ikkje der, men på myrane attmed hytta var det mange.

Vi fann derimot andre småkryp og insekt ved froskedammen og tenkte at «sikkert tusenvis av rompetroll har vorte til froskar som vi kan kysse og trylle fram dei finaste prinsar og prinsessar av».

Etter ein flott dag med mykje fysisk aktivitet og naturopplevingar, var det godt å komme tilbake å setje seg litt og kjenne at tørsten kan ein sløkkje med kaldt vatn og frukt.

 

  • Gjennom arbeid med natur, miljø og teknologi skal barnehagen bidra til at barna får oppleve og utforske naturen og mangfaldet i naturen (Rammeplanen:52).
Dette innlegget vart posta under Vedtekter. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s