Kleppaveka – dag 2.

Onsdag 12. juni var me i området rundt hytta. Me leika, leita etter froskar, rompetroll og andre insekt, og klatra på svaberget. Dei barna som ville klatra vart sikra med sele og tau. Då dei venta snakka dei om kor lett det kom til å bli, for det hugsa dei frå i fjor… Plutseleg tok det til å regna og svaberget vart sleipt – noko som gav ungane ein god og krevjande utfordring. Her måtte barna tenkja ekstra nøye over kvar dei valde å klatre og bruka litt ekstra krefter. Dei som såg på var supre oppmuntrarar som heia, kom med positive kommentarar og gav råd om kor ein burde setja føtene.

  • Barna skal få støtte til å meistre motgang, handtere utfordringar og bli kjende med eigne og andre sine kjensler (Rammeplanen:11).

Processed with MOLDIV

Nede på myra er barna ivrige på jakt etter rumpetroll og froskar, og engasjementet endar ofte med vatn over støvlekanten.. Det vart fanga fleire rumpetroll og ein frosk. Froskane er ikkje dei enklaste krypa å hanskas med.. Ein «kjempestor» frosk stakk av trass i at barna prøvde å lata som om dei var froskar med å lage kvakkelyd og hoppa i myra.

  • Gjennom arbeid med natur, miljø og teknologi skal barnehagen bidra til at barna får kunnskap om dyr og dyreliv (Rammeplanen:52). 

Processed with MOLDIV

Til lunsj åt me varm og god grønsakssuppe i grillhytta før me hadde ei lesestund. Då las me eventyra «Jack og bønnestengelen» og «Katten med støvlene» etter ynskje frå ungane. 

  • Gjennom arbeid med kommunikasjon, språk og tekst skal barnehagen bidra til at barna opplever spenning og glede ved høgtlesing, forteljing, song og samtale (Rammeplanen:48). 

Processed with MOLDIV

På ettermiddagen var det nokon av barna som ville spikka. Her boblar kreativiteten over, og åre-greinene vert forvandla til spyd, telefon og fugleskremsel (for å nemna nokre).

  • Gjennom arbeid med kunst, kultur og kreativitet skal barnehagen bidra til at barna bruker ulike teknikkar, materiale, verktøy og teknologi til å uttrykkje seg estetisk (Rammeplanen:51). 

 

 

Dette innlegget vart posta under Vedtekter. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s