Kleppaveka dag 4 – overnatting og siste dag.

Frå torsdag 13. juni til fredag 14. juni overnatta Sjiraffane på jakt- og fiskelaget si hytte. Det var seks spente Sjiraffar som kom til Kleppa torsdag kveld. Dei har snakka om overnattinga i lang tid og hadde forventningar til korleis det skulle bli. Etter at dei var med å ordna til soveplassane sine, laga me taco til kveldsmat. Matretten vart bestemt gjennom ei avstemming der taco fekk 4 av 6 røyster. Sjiraffane har lært om kva det inneber å vera deltakarar i eit demokratisk samfunn og opptekne av at fleirtalet bestemmer. Kva film me skulle sjå om kvelden vart også bestemt slik.

  • Ulike meiningar og perspektiv skal få komme til uttrykk og vere utgangspunkt for utviklinga av barnehagen som demokratisk fellesskap (Rammeplanen:9).

Processed with MOLDIV

Etter kveldsmat bytte alle til pysj, tok på seg sko og gjekk ut. Ute sprang dei i pysjen, klatra på svaberget i pysjen og leika «haien kommer» og «fisken i det røde hav» i pysjen. Til slutt hadde me gøymeleiken i pysjen. Det var veldig moro for både ungane og dei vaksne. Når me kom inn igjen i hytta hadde kiosken opna og ungane fekk kjøpa seg chips og godteri til «kinoen». Her måtte dei rekna seg fram til kor mykje det kosta og betala. Filmen dei såg var «Dragetreneren». Etter film venta soveposen, og då alle hadde lagt seg las Kari godnatt-historie.

  • Barne­hagen skal aktivt leggje til rette for utvikling av vennskap og sosialt fellesskap (Rammeplanen:22-23).

Fredag våkna Sjiraffane godt krye over at dei hadde overnatta på hytta. Dei åt frukost saman oppe på loftet, medan dei andre barna vart levert nede. Det var sol og varmt ute, så me gjekk tidleg ut for å leika. Me var i området rundt hytta heile dagen. Ungane laga seg hytte, bål av steinar og grus og fann store og små froskar.

Processed with MOLDIV

  • Gjennom arbeid med natur, miljø og teknologi skal personalet leggje til rette for mangfaldige naturopplevingar og bruke naturen som arena for leik, undring, utforsking og læring (Rammeplanen:52). 

Til lunsj grilla me pølser i grillhytta. På ettermiddagen hadde me nokre felles regelleikar, der me leika «Hauk og due» og «Haien kommer». Barna la også merke til at det var plastikk-boss på skytebarna og alle gjorde ein innsats å plukka fem posar fulle med boss. Nokon av barna spelte det nye, finske spelet me har fått i barnehagen. Då må dei kasta og velta nokre pinnar med ulike tal på, for så å vidare telja kva summen av pinnane som vart velta blir. Det utgjer poenga dei får. Etter 10 rundar legg ein saman poenga frå kvar runde. Dette syntes barna var kjekt, og fleire var tilskodarar som hjalp til med teljinga.

Processed with MOLDIV

  • Gjennom arbeid med mengd, rom og form skal barnehagen bidra til at barna leiker og eksperimenterer med tal, mengd og teljing og får erfaring med ulike måtar å uttrykkje dette på (Rammeplanen:53).

 

Me har igjen hatt ei heilt SUPER Kleppa-veke og gledar oss til neste gong me skal opp hit! Takk til alle som bidreg til at me får dette til!

Dette innlegget vart posta under Vedtekter. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s