Tur til Dei Heibergske Samlingar

Torsdag 29. august reiste stor avdeling på besøk til Dei Heibergske Samlingar på Kaupanger. Me køyrde buss til og frå museet, noko som var ei spanande oppleving for barna. Det var god stemning og gode samtalar heile vegen, og felles opplevingar som dette er med på å utvikle barna si kjensle av å tilhøyra eit fellesskap.

Processed with MOLDIV

  • Barnehagen skal aktivt leggje til rette for utvikling av vennskap og sosialt fellesskap (Rammeplanen:22-23).

Før lunsj gjekk me rundt og såg på dei gamle husa og dyra som er der. Eit av husa, Kvammeloftet som opprinneleg kjem frå Borgund i Lærdal, fanga barna si interesse. Dei stilte gode spørsmål som bidrog til undring og læring.  Som følgje av at dørene til husa var mindre enn dei me er vandt med i dag var det ei som spurde:  «Var dei folki før småare enn oss?».

Processed with MOLDIV

  • Gjennom arbeid med nærmiljø og samfunn skal barnehagen bidra til å gi barna forståing for at samfunnet er i endring, og at dei er ein del av ein historisk, notidig og framtidig samanheng (Rammeplanen:57).

Processed with MOLDIV

  • Barna skal få undersøkje, oppdage og forstå samanhengar, utvide perspektiv og få ny innsikt. Barna skal få bruke heile kroppen og alle sansar i læringsprosessane sine (Rammeplanen:22).

Tåka låg tett rundt husa og skapa ein mystisk, spanande stemning. Ekstra moro var det å sjå hønseflokken som budde der, etter at me har klekt fram kyllingane våre her i barnehagen. Me såg at dei hadde andre fargar, og lærde at hønene på museet er av typen Jærhøner.

Processed with MOLDIV

Inne i eit av husa fekk me fortalt eventyret «Reven som gjetar». Eventyret fengja barna som etterpå delte eigne historiar om mellom anna revar, geiter og dinosaurar. Dei fekk også stille spørsmål til Mari, som jobbar på De Heibergske Samlingar, og spurde om alt ifrå husa, til dyra, til eventyret.

  • Gjennom arbeid med nærmiljø og samfunn skal barnehagen bidra til at barna blir kjende med lokalhistorie og lokale tradisjonar (Rammeplanen:56).

Processed with MOLDIV

Etter lunsjen gjekk me tur i Eventyrskogen. Her traff me på fleire figurar frå eventyrverda og ein av dei som gjorde ekstra inntrykk var kjerringa som satt fast med nasen i vedstubben. Undervegs på stien høyrde me ulvar og troll. Me lærde kva som var furuskog, og me fann blåbær og tyttebær. Heilt til slutt fekk me is av dei som jobba på museet!

Processed with MOLDIV

  • Gjennom utforsking, opplevingar og erfaringar skal barnehagen bidra til å gjere barna kjende med sitt eige nærmiljø, samfunnet og verda (Rammeplanen:55).

Tusen takk til De Heibergske Samlingar for ein kjempe kjekk dag for store og små! 31EA1665-7423-49C2-8F4B-D5E14EEDD8B6

Dette innlegget vart posta under Vedtekter. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s