Monthly Archives: september 2019

Det finst ikkje dårleg vêr …

Fredag 13. september var me så heldige at me fekk oppleva å vera ute i skikkeleg ruskete vêr! Dei heftige regnbygene var til stor glede for barna som ivrig hoppa i sølepyttane og laga demningar og nye «elveløp». I slalombakken … Les meir

Posta under Vedtekter | Kommenter innlegget

Tur til Raudmålsgrindi.

Torsdag 12. september gjekk me på oppdagelsesferd i skogen over jakt- og fiskehytta. Der gjorde barna fleire spanande observasjonar, til dømes fann me plastboss som absolutt ikkje høyrer heime der! Dette passa nokon av naturvaktane på å plukka med seg, … Les meir

Posta under Vedtekter | Kommenter innlegget

Tur til Dagsturhytta!

Onsdag 11. september gjekk turen til dagsturhytta. Me har ein ivrig og livleg gjeng med stor turglede! Der terrenget er ulendt hjelper dei største barna dei som er mindre. Me opplever at slike felles opplevingar gir godt samhald i barnegruppa. … Les meir

Posta under Vedtekter | Kommenter innlegget

Kleppaveke og tur til Høgehaug!

Mandag 9. september gjekk Revane og Sommarfuglane på duggletur i området rundt Kleppa. På vegen såg me mykje spanande, noko som førte til utforsking, undring og fine samtalar. Me som mellom anna nokon som likna skrekkeleg mykje på Pulverheksa i … Les meir

Posta under Vedtekter | Kommenter innlegget

Sjiraffane på kommuneval!

Mandag 9. september, på sjølvaste valdagen, fekk Sjiraffane besøka vallokala og ordførar Jon Håkon Odd! Me har over tid jobba med temaet demokrati og me har snakka om kommunesamanslåinga og kommunevalet. Ungane har fått høyra om kva parti som stiller til val … Les meir

Posta under Vedtekter | Kommenter innlegget