Kleppaveke og tur til Høgehaug!

Mandag 9. september gjekk Revane og Sommarfuglane på duggletur i området rundt Kleppa. På vegen såg me mykje spanande, noko som førte til utforsking, undring og fine samtalar. Me som mellom anna nokon som likna skrekkeleg mykje på Pulverheksa i slalombakken! Var ho der for å spionera på oss? Var ho på sopptur? Eller måtte ho trena for å halde seg i god flyform? Forslaga var mange… I Trolltreet klatra me ein og ein. Dei som venta på tur stilte seg i ein fin kø og heia på den som klatra. Ei kjempe fin stund der kvar og ein opplevde både individuell mestring og glede på vegne av andre som mestra.

Processed with MOLDIV

  • Barnehagen skal bidra til at barna trivst og opplever livsglede, meistring og ei kjensle av eigenverdi, og han skal førebyggje krenkingar og mobbing (Rammeplanen:11).

Tysdag 10. september tok avdeling Nede turen til Høgehaug. På vegen fann me mykje blåbær som barna meinte smaka veldig godt. Barna plukka til seg sjølv og til å dele med venene sine. Me opplever ei barnegruppe som har omsorg for andre og som er hjelpsame med kvarandre. Kaffikoppen til Lillian fekk mykje merksemd frå barna då dei oppdaga at Kamila hadde teikna eit hjarte bak namnet hennar. Dei reflekterte rundt venskap, og at dei vaksne også er gode vener og snille med kvarandre.

Processed with MOLDIV

  • Barnehagen skal aktivt leggje til rette for omsorgsfulle relasjonar mellom barna og personalet, og mellom barna sjølve, som grunnlag for trivsel, glede og meistring (Rammeplanen:19).

På turen fann me også mykje sopp, noko som barna tykte var interessant. Nokon av barna hadde litt kunnskap om kva dei ulike soppane heitte og kven som kunne etast og ikkje. Me plukka mykje kantarell, som me steikte og tok ein smakebit av til fruktmåltidet. Etter frukt leika me i området rundt jakt- og fiskehytta og barna tykkjer det er moro å finna leirduer i terrenget. Leirduene er utgangspunktet for mykje fin leik. Dei plukkar og tel, og nyttar dei som serveringsfat i rolleleik.

Processed with MOLDIV

  • Gjennom arbeid med kropp, rørsle, mat og helse skal barnehagen bidra til at barna får innsikt i kvar maten kjem frå, matproduksjon og vegen frå mat til måltid (Rammeplanen:49-50).
Dette innlegget vart posta under Vedtekter. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s