Temafest, markering av samefolkets dag og tur til Ylvisåker

Fredag 14. februar hadde me temafest i barnehagen. Her hadde dei aldersdelte gruppene ulike framføringar, valgt ut i frå barna sine ynskjer. Marihønene og Sommarfuglane samarbeida med avdeling oppe og framførde «Baby shark»- dansen og song «Hokus og Pokus». Revane hadde teke utgangspunkt i boka «Den fantastiske Mikkel rev» av Roald Dahl, og laga ei eiga historie om korleis historia fortsatte etter at revane hadde laga seg tunellar til alle matlagra som bøndene Bunce og Boggis og Bean eigde. Sjiraffane hadde laga sin eigen vri på historia om «Georgs magiske medisin» av Roald Dahl, der Georg klarte å trylla fram to kopiar av seg sjølv. I tillegg var det med karakterar som den grusomme bestemora, to hestar, ei mor og ein gris. Etter framsyningane hadde me felles lunsj oppe, før me samlast rundt pinjataen og slo «katta ut av sekken».

  • Barnehagen skal leggje til rette for samhøyrsle og kreativitet ved å bidra til at barna saman får oppleve og skape kunstnariske og kulturelle uttrykk (Rammeplanen:50).

Torsdag 13. februar var skulekameratane på skulekamerattreff i Holerunane ved barneskulen. Dei fekk låna den flotte lavvoen til skulen, der dei åt god taco til lunsj før dei hadde naturløype ute etterpå. Til slutt gjekk dei opp på skuleplassen og traff dei elevane som skal bli fadrane deira til hausten, og aka saman med dei i den store akebakken- det var veldig stas.

  • Barne­hagen skal aktivt leggje til rette for utvikling av vennskap og sosialt felles­skap (Rammeplanen:22-23).
  • Dei eldste barna skal få høve til å gle seg til å begynne på skulen og opp­ leve at det er ein samanheng mellom barnehagen og skulen (Rammeplanen:33).

Torsdag 6. februar markerte me samefolkets dag her i barnehagen. Det starta med at me hadde ei samling om kva markeringa av dagen inneber og kven samefolket er. Så gjekk me til uteområdet vårt på Njøs der ungane som ville fekk prøva å kasta lasso på eit revir, og alle åt kjempe god Bidos med Gahkko attåt til lunsj. Den hadde matgruppa laga dagen før.

  • Barnehagen skal skape interesse for mangfaldet i samfunnet og forståing for livsverda og levesettet til andre menneske (Rammeplanen:54). 

Fredag 31. januar reiste Sjiraffane på besøk til Ylvisåker barnehage. Dei har vore vennskapsbarnehagen til Askedalen i samband med fagnettverket nærmiljø og samfunn sitt mellomliggjande arbeid, og dei eldste i Ylvisåker dansa også «BlimE-dansen» 
saman med Sjiraffane på scena i kulturhuset. Sjiraffane fekk låna lavvoen deira til å eta lunsjen sin, og i tillegg til å leika ute og inne i barnehagen, rusla dei seg også ein tur i nærområdet. Sjiraffane likte seg veldig godt der inne.

  • Gjennom ut­ forsking, opplevingar og erfaringar skal barnehagen bidra til å gjere barna kjende med sitt eige nærmiljø, samfunnet og verda (Rammeplanen:55).
Dette innlegget vart posta under Vedtekter. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s