Utebarnehage, veke 19

Denne veka kom Sjiraffane til Njøs, og Revane flytta opp til Kleppa. Revane tykte det var ekstra stas å sjå snøen att – og den har dei oppsøkt fleire gonger i løpet av veka! På tysdag gjekk dei tur til Frækaland- og dei klarde også å finne Risadammen etter litt leiting. Her såg dei masse froskeegg. Onsdag gjekk turen til Trollgrana, der dei klatra og leika. Revane fann også ein super akebakke over gapahuken som dei aka i, både onsdag og torsdag. På torsdag grilla dei til lunsj, og alle ungane spikka sine eigne grillspyd! Etter ynskje frå ungane var kosebamsane med på skogstur på fredagen – då hadde dei også med flagg for å markere frigjeringsdagen. På turen lærde dei om Sleipner, hesten med 8 bein. Det fengja ungane, då det er ganske spesielt at ein hest har 8 føter…. Etter turen, som gjekk til Raudmålsgrinda, fekk Revane varmen i seg under hjorteskinn i den flotte grillhytta til Jakt- og fiskelaget!

Revane har laga planar for dagen, og kanskje dagen etterpå, i morgonsamlinga. Då får alle høve til å koma med ynskje om kva dei har lyst til.

8266A334-EB2F-4623-BC05-6FC68379CE3D

  • I barnehagen skal barna få delta i avgjerdsprosessar og vere med på å utvikle felles innhald (Rammeplanen:21).

 

Sjiraffane tykte det var kjekt å koma på uteområdet på Njøs – her hadde det skjedd forandringar sidan sist dei var der. Dei nye naturleikeapparata var kjekke å leike med, og det aller kjekkaste var å treffe att Sommarfuglane. Begge gruppene hadde mykje å fortelje kvarandre – og morgonsamlinga mandag gjekk med til å høyre korleis Sjiraffane hadde hatt det på Kleppa og kva Sommarfuglane hadde gjort på på Njøs.

Sjiraffane tykte hjortespor-turen til Sommarfuglane høyrdest spanande ut, så mandagen tok me turen til Ulvateigen og Nepperthaug for å leite etter hjorten. Me fann så mange skattar på turen at me gløymde litt å sjå etter hjortespor. På tysdag gjekk turen til Fadnastølen. Me hadde tenkt å gå så langt me kom, men før me visste ordet av det var det ikkje meir att av stien! Resten av veka gjekk med til trehyttebygging, blomsterkranslaging, surbladplukking, frileik og regelleikar. På fredagen åt me lunsjen vår inne i dei gode, varma lavvoane som me får låna av Jakt- og fiskelaget!

Processed with MOLDIV

  • Barnehagen skal bidra til at barna blir glade i naturen og får erfaringar med naturen som fremjar evna til å orientere seg og vere i naturen til ulike årstider (Rammeplanen:52).
Dette innlegget vart posta under Vedtekter. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s