Utebarnehage, veke 20

Både på Kleppa og på Njøs har veka vore innhaldsrik. Me har førebudd og hatt 17.markering, og delar av dette er filma og vil bli synt i bygda si digitale 17.mai feiring.

På mandag laga Revane skjold og sverd, som dei pynta med å måla norsk flagg. Desse vart fine rekvisittar til filminnspelinga. Dei gjekk også tur til Lauparfjell i fint vêr. Tysdagen kom det snø på Kleppa, og dei leika og aka i snøen. Dei øvde til filminnspelinga, i flotte vikingklede, også lærde dei om Fenrisulven og Midtgardsormen. På onsdag spelte dei inn film, og spesielt stas var det med drone (eller «bie» som dei kalla den)! Så kom isbilen til Kleppa, den gjorde stort inntrykk på barna, og alle var i lykkerus av den kjekke overraskinga! På torsdag kom det endå meir snø, som gjorde til at Revane måtte møta på Njøs. Derfrå gjekk dei til «Edderkopphuset», og på vegen såg dei ein sauebonde som måtte henta ei daud søye og lamma hennar. På fredag var dei tilbake på Kleppa, der dei feira bursdag med grilling. Dei oppdaga også at Froskedammen var tint – og her var det mykje rumpetroll!

  • Barne­hagen skal gi felles erfaringar og synleggjere verdien av fellesskap (Rammeplanen:9). 

 

På Njøs brukte Sjiraffane og Sommarfuglane mandagen til å leika, byggja stige til trehytta og å pynta til 17.markeringa dagen etter. På tysdag feira dei bursdag og markerte 17.mai med leikar som potetløp, sekkeløp, kubb, putekrig og hesteskokasting. Delar av det vart filma, som bidrag til bygda sin 17.mai film. På onsdag gjekk dei tur til Hjeddlene for å leita etter ein varde som ei tidlegare revegruppe har laga før – den fann dei, og når dei åt lunsj las dei boka om «Varden Steinar». På ettermiddagen kom isbilen til Njøs, det var ei skikkeleg kjekk overrasking for både store og små! På torsdag hadde dei bursdagsfeiring, med grilling av pølser og «hund og kjøttbein» som bursdagsleik. På fredag gjekk dei på hussafari forbi 11 av barna sine hus.

  • Barnehagen skal bidra til å fremje tilhøyrsla til samfunnet, naturen og kulturen (Rammeplanen:21).

Resultatet av filminnspelinga er ein film på 3 minutt, som syner korleis barna i Askedalen  markerer 17.mai. De kan sjå den her: https://youtu.be/TKyhO7DzRWo

Dette innlegget vart posta under Vedtekter. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s