Utebarnehage, veke 21

Denne veka var Sjiraffane på Kleppa, og dei har gått tur kvar dag! Dei har gått til Lauparfjell, Høgehaug og Orrabu. Dei tykkjer det er veldig kjekt med «toppturar» for tida, og er begeistra for utsikt! Sjiraffane har prøvd ut nye stiar, og gruppa tykkjer slike ekspedisjonar er spanande! Dei har gått i tørr skog, våt myr, både mjuk og hard snø, og i lyng og på berg. Naturopplevingane blir beskrive gjennom medvite sanseomgrep; det dei ser, høyrer, luktar og kjenner på kroppen.

På turane har dei truffe ein del turfolk, og dei fleste slår Sjiraffane av ein prat med. Det er kjekt å snakka med folk ein treff på, og her kjem mykje god sosial kompetanse til syne – det er bra for skulestarten som nærmar seg! Sjiraffane er alltid hyggjelege, og viss turfolket har med seg ein hund i tillegg går praten ekstra lett. På turene ser me at barna oppmuntrer kvarandre og heier kvarandre fram!

IMG_3295

  • Barna skal lære å ta vare på seg sjølve, kvarandre og naturen. Berekraftig utvikling omfattar natur, økonomi og sosiale forhold og er ein føresetnad for å ta vare på livet på jorda slik vi kjenner det. Barnehagen har derfor ei viktig oppgåve i å fremje verdiar, haldningar og praksis for meir berekraftige samfunn (Rammeplanen:10).

 

På Njøs blir uteområdet utvikla meir dag for dag. Denne veka vart «Bukkene Bruse» ferdigstilt- det er ei bru laga av stokkar som barna har vore med å saga til og under brua er det eit troll. Og på veg over brua er det tre flotte bukker, laga av trestokkar og greiner! Dette har gitt næring til barna sin kreativitet, og dei har leika bukkene bruse både på Njøs og på turar me har gått. Me har også dramatisert eventyret i morgonsamling, og me har lese boka «Bukkene Bruse begynner på skolen».

IMG_1347 2

På mandag gjekk Revane og Sommarfuglane tur til båthavna for å sjå på redningsskøyta. Då var det så varmt og fint i vêret, at både store og små hadde lyst til å bada. Me såg opp mot dei snødekte fjella og konkluderte med at det vil nok ta ei stund før fjorden held behagelege badetemperaturar. Her vart det gode samtalar om sol, snøsmelting og vatn. Når me gjekk tur til Aneflaten på tysdag, var me så heldige at me fekk komma på besøk i stallen i Gjerdet å sjå på eit føll som var ein dag gamal! Det var kjempe kjekt!

Processed with MOLDIV

 

  • Barnehagen skal vere ein arena for dagleg fysisk aktivitet og skal stimulere rørslegleda og den motoriske utviklinga til barna (Rammeplanen:11).

Dette innlegget vart posta under Vedtekter. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s