Aktivitetar på avdeling Nede dei siste vekene

I veke 23 byrja barnehagen med full opningstid att og uteavdelingane vart delvis avvikla. Tysdag 2. juni møtte heile avdelinga opp i barnehagen, -gleda var stor av å vera samla att. Sjølv om avdelinga stort sett har vore delt i kjernetida, har me vore saman delar av dagen.

Gruppene har nytta dagane til å gå turar i nærområdet. Vêret har synt seg frå si beste side og det har vorte fleire turar til Pilavika, Nybøstranda, Fylkesen, Njøs, Ole Brumm-Skogen, Aneflaten og Hjeddl. Tysdag 9.juni var ei gruppe på Eggja og Lauparfjell, og onsdag 24.juni gjekk ei gruppe til Fadnastølen. Barna har teke del i å bestemme kva dagane skal innehalde.

Læringsutbyttet til både barn og vaksne har vore stort dei siste månadane. Me ser til dømes at ungane har vorte meir sjølvstendige, motorisk sterkare og tek vare på eige turutstyr. Me ser også eit godt samhald i barnegruppa; dei hjelper kvarandre, oppmuntrar kvarandre og utfordrar kvarandre.

  • Barnehagen skal vere ein trygg og utfordrande stad der barna kan prøve ut ulike sider ved samspel, fellesskap og vennskap. Barna skal få støtte til å meistre motgang, handtere utfordringar og bli kjende med eigne og andre sine kjensler (Rammeplanen:11).

 

  • Barnehagen skal leggje til rette for at alle barn kan oppleve rørsleglede, matglede og matkultur, mentalt og sosialt velvære og fysisk og psykisk helse. Barna skal inkluderast i aktivitetar der dei får bevege seg, leike og samhandle med andre og opp­ leve motivasjon og meistring ut frå eigne føresetnader (Rammeplanen:49).
Dette innlegget vart posta under Vedtekter. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s