Kleppaveke for avdeling Nede

I veke 41 tok avdeling Nede «haustferien» på Kleppa. Me fekk låna hytta til jakt- og fiskelaget, noko me er særs takksame for!

Veka starta med ein fellestur til Høgehaug, og denne gongen gjekk me ein annan veg opp enn me har gjort før. Dei som no går i første klasse var opptekne av å utforske nye stiar i vår, så denne gongen gjekk turen om «Utsikten».

Etter litt kartlesing synte det seg at området der plassen er heiter «Skuten». Skodda bevegde seg rundt oss og på eit tidspunkt såg me ingen verdens ting! Plutseleg kunne me skimta Vangsnes, og etterkvart Feios. Dette var kjempe spanande! Oppe på Høgehaug åt me lunsj før me leika. Ei gruppe laga seg ei hytte av avkappa greiner. Eit kjekt prosjekt med godt samarbeid mellom dei ulike aldersgruppene og god arbeidsinnsats.

Nokre barn fann mosegrodde greiner som dei la over nakken, plutseleg var dei reinsdyr med flotte revir! Dette er eit døme på kreativ leik med skogen som utgangspunkt.

Barnehagen skal leggje til rette for at barna kan få eit mangfald av naturopplevingar og få oppleve naturen som arena for leik og læring (Rammeplanen:52). 

Bygging av hytter = bygging av relasjonar.

Å bygge hytte er eit krevjande samarbeidsprosjekt der både hjernemusklar og armmusklar hjå seg sjølv og kvarandre vert sett pris på. Barna opplever mestringskjensle i ein sosial samanheng.

Barnehagen skal vere ein trygg og utfordrande stad der barna kan prøve ut ulike sider ved samspel, fellesskap og vennskap. Barna skal få støtte til å meistre motgang, handtere utfordringar og bli kjende med eigne og andre sine kjensler (Rammeplanen: 11).

Fantasien til borna blomstrar på Kleppa, og inne i granskogen gløymde det seg både troll og revar og hjortar. Samstemde gjekk me på smygjakt etter hjorten, noko som krev lydlaus listing for ikkje å skremma vekk dyra. Det var kjempe spanande, og dei eldste ungane passa godt på at dei yngste barna var med og at dei ikkje skulle bli redde. Etter endt hjortejakt måtte me konkludere med at resultatet ikkje var heilt som håpa på. MEN då skjedde det noko spanande! Inne i grillhytta var det tre mus, og slik fortsette jakta – berre på mus isteden for hjort. Me sette opp felle med pølserestar frå grillinga, me prøvde med røbetsalat og med kvitost. Men «desse musene har øvd seg mykje på å lura folk før», sa eit av barna, og gong på gong hadde dei forsynt seg av åta men ikkje gått i fella…

Dagsturhytta er eit kjekt turmål, og turen til vert ekstra gledefylt då ein får gå saman med venene sine. Det bognar av gode samtalar og hjelpsame ungar, som samtidig utforskar og oppdagar ting på vegen. Området rundt «Orrabu» legg til rette for alt i frå klatring og husbygging, til gøymeleiken og sminkesalong. Sminkesalongen tilbaud også matservering, så «Orrabu» har så å seie alt å by på – og her kunne me vore i dagevis!

Barnehagen skal leggje til rette for at barna kan få eit mangfald av naturopplevingar og få oppleve naturen som arena for leik og læring (Rammeplanen:52). 

På tur med kosedyra! Om omsorg og ansvar.

Alle barna hadde med seg eit kosedyr på Kleppa, og desse skulle få vere med på tur inn i skogen. Barna plasserte kosedyra i selen på sekken sin, slik at dei fekk god utsikt! Det er ikkje så ofte kosedyra er med i skogen, så det var viktig å vise dei alt som finst der. Då me var komne til Raudmålsgrindi og hadde rasta ferdig, hadde me ei lita oppsummering på kva kosedyra hadde fått med seg av liv og røre i skogen. Barna fortalde kva kosedyra deira såg på turen; Steinar, mose, elg, hjortebæsj, Batman, rev, tre -faktisk veldig mange tre, dinosaurspor, kongler og maur. OG mus!! Her og!

Barna fortalde også litt om korleis kosedyra hadde opplevd turen, og dei fleste var redde for ulv og troll. Men det er ingen fare, for desse barna veit korleis ein trøystar dei som er mindre enn seg sjølv. Då seier ein fine ting, og ein seier at dei store passar på. Så må ein springe vekk og kjempe -viss det faktisk dukkar opp ein ulv eller eit troll!

Dei fleste kosedyra fekk seg ei lita kvilestund på ei av dei fine greinene i skogen, og nokre kosedyr fekk til og med smake blåbær! Etter turen planla barna korleis dei skulle få gitt kosedyra ein vask når dei kom heim. Då skulle dei bruke vaskemaskin, badekar, dusj, tørkeskap og fønar. 

Leiken skal vere ein arena for utvikling og læring og for sosial og språkleg samhandling. Barnehagen skal inspirere til og gi rom for ulike typar leik både ute og inne. Barnehagen skal bidra til at alle barn kan oppleve glede, humor, spenning og engasjement gjennom leik – åleine og saman med andre (Rammeplanen:20).

Etter eit halvt år der avdelinga praktisk talt har vore delt i to kohortar (aldersgrupper) på to ulike plassar, treng ein å verte kjent med og vande med kvarandre i rolege omgivnader -utan leiketøy. Kleppaveka er prega av at barna leikar mykje på kryss og tvers av aldersgruppene. Dei er nyfikne på kvarandre, og me ser mykje fin inntoning!

Etter ei veke der alle får gode felles opplevingar og gode erfaringar, har me gode kår for å videreutvikle samspel mellom barna når me startar opp tettare samarbeid mellom dei to kohortane i barnehagen. Dei store barna har inkludert dei yngre, og me ser at dei små også hjelper dei store når dei får anledning! Med utgangspunkt i dei gode sosiale relasjonane som starta på Kleppa, møter me no godt rusta til vidare utvikling av eit godt psykososialt miljø i barnehagen.

Barnehagen skal vere ein trygg og utfordrande stad der barna kan prøve ut ulike sider ved samspel, fellesskap og vennskap. Barna skal få støtte til å meistre motgang, handtere utfordringar og bli kjende med eigne og andre sine kjensler (Rammeplan:11).

Dette innlegget vart posta under Vedtekter. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s