Hakkebakkeskogen på Njøs

Denne hausten har Sjiraffane og Revane lese historia om «Klatremus og de andre dyrene i Hakkebakkeskogen». Ein ettermiddag, då me skulle gå tilbake til barnehagen, var det fire gutar som kom på den geniale ideen; «me kan jo laga Hakkebakkeskogen på Njøs». Ideen utvikla seg fort til eit prosjekt, og alle barna har teke del i arbeidet med å bestemme kva for figurar me måtte laga, kor store dei skulle vera og med å måla dei.

Denne veka har Sjiraffane og Revane bestemt kvar figurane skal vera. Det var heilt naturleg at «Kråke-Per» fekk bu på ein planke på Pulverheksa sitt hus. Ungane meinte at han kunne vera både «Kråke-Per» og «Pokus» (kråka til Pulverheksa). «Bakemester Harepus» og «Bakergutten» fekk sitt eige bakeri i gapahuken, og «Petter Pinnsvin» flytta inn i kvisthaugen. Det var heilt perfekt for eit pinnsvin! «Klatremus» sit høgt oppe i eit tre med gitaren sin, og «Reven»….jau han prøver å få tak i «Klatremus».

Også «Bamsefamilien», «Ugla», «Bestemor Skogmus» og «Morten Skogmus» fekk seg hus rundt om kring. Etter me var ferdige stod Sjiraffane og Revane og betrakta arbeidet dei har gjort – og jammen var me godt nøgde med prosjektet vårt. Heilt ferdige er me ikkje, me skal laga litt finare hus til nokre av figurane.

I prosessen har barna fått medverka til korleis det skulle vera, og fått øva på å samarbeida med andre. Dei har utforma noko dei er stolt over, og som viktigast av alt gir god næring til leiken vidare på Njøs!

Personalet skal ta utgangspunkt i barna sine erfaringar, interesser, synspunkt og initiativ i det daglege arbeidet i barnehagen og ved val og gjennomføring av tema og prosjekt (Rammeplanen:43).

Barnehagen skal vere bevisst på dei ulike uttrykksformene til barna og leggje til rette for medverknad på måtar som er tilpassa alderen, erfaringane, dei individuelle føresetnadene og behova til barna (Rammeplanen:27).

Dette innlegget vart posta under Vedtekter. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s