Vinteraktivitet i Askedalen

Både barna og dei vaksne er godt nøgde med starten på det nye året. ENDELEG kom det litt snø heilt ned til fjorden, så me kunne sigla på rompebrett og gå på ski. På dei kaldaste dagane har me kombinert snøleiken med bålbrenning. Rundt bålet har barna fått varma seg med behov og ein dag grilla dei pinnebrød. Når me har reist tilbake til barnehagen har bålet måtte bli sløkt, og her er ungane ivrige brannmenn. Rumpebretta har blitt lasta fullt opp med snø, og jobben går raskt med godt samarbeid.

Me har for det meste nytta uteområdet på Njøs, men me er også så heldige at me får bruka andre område med litt lengre bakkar. Eit av høgdepunkta var når studenten tok med ein presenning, laga plass til alle barna oppå den og satte utfor ein lang bakke på ein bø over Njøs. Denne opplevinga tykte ungane var kjekk, og latteren kunne høyrast frå Njøs og til Hanahaug, om ikkje lenger.

Me har også utforska korleis naturen er i minusgrader. Til dømes kunne me erfara at å leita etter insekt ikkje var så enkelt i kulda, noko som førte til at me måtte finne meir ut om kva som skjer med insekta om vinteren. Det har ikkje vore vatn i elvene, men is. Og jammen var det moro å sjå at snøen smeltar når ein legg den nærme bålet.

Me har hatt nokre fantastiske vinterdagar, og no håpar me berre på at snøen kjem att om ikkje lenge..

Barnehagen skal vere ein arena for dagleg fysisk aktivitet og skal stimulere rørslegleda og den motoriske utviklinga til barna (Rammeplanen, s.11).

Barna skal inkluderasti aktivitetar der dei får bevege seg, leike og samhandle med andre og opp­ leve motivasjon og meistring ut frå eigne føresetnader (Rammeplanen, s.49).

Dette innlegget vart posta under Vedtekter. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s