Frå vinter til vår

Etter ein lang og fin kuldeperiode slo våren til for fullt denne veka, noko som gir rom for duggling saman med barna. Avdelinga nede har nytta dei kalde vinterdagane til ulike turar, skigåing, aking og bålbrenning. Uteområdet på Njøs har vore ei stor «sveddlekula», med ein fantastisk akebakke av is som ungane har boltra seg i. Dei fleste turane har vore med eit rompebrett i handa, og me har testa dei fleste bakkane i nærområdet. Me har vore på elvesafari langs både Henjaevla og Njøsaelva og sett kor mykje isen har vokse frå gong til gong me har gått forbi. Me har og fantasert om kor kult det hadde vore å bruka elveleie som bob-bane! (Og me har snakka om kvifor me aldri skal gjera noko slikt 🙂 )

Gjennom arbeid med kropp, rørsle, mat og helse skal barna få sanse, oppleve, leike, lære og skape med kroppen som utgangspunkt (Rammeplan:49).

Når varmegradene kom og snøen forsvann, lurde ungane på om isen på Njøs var vekke. Nokon meinte alt var smelta, medan nokon meinte at så mykje is kunne ikkje forsvinna så fort. Einaste måten å finne ut av dette på var å duggla – då google neppe kunne gi oss svar på korleis ståa på Njøs var. På vegen opp merka me oss at dei populære istappane ved Stoppelshaug var forsvunne. Og vidare var det berre gjørme i isakebakken vår. Men, jammen var det fortsatt eit lite parti med is attmed bålplassen vår… Her fekk me plass til 11 barn på ein gong. Konklusjonen var at det var mindre is enn sist, for då var det plass til hundretusen på isen. Når me gjekk forbi elvene kunne me sjå at det var mykje is att i dei. Me prøvde å kasta nokre pinnar og steinar for å knuse alt, men det var lite hjelp i. Her må nok naturen få gjera jobben sin.

Barnehagen skal bidra til at barna blir glade i naturen og får erfaringar med naturen som fremjar evna til å orientere seg og vere i naturen til ulike årstider (Rammeplan:52).

Dette innlegget vart posta under Vedtekter. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s