Sommar på avdeling Nede

Det går mot sommarferie, vêret har synt seg frå si beste side og me har hatt flotte dager i barnehagen. Me har vore mykje i Pilaviki, på Nokkaneset og på Njøs. Ein dag ynskte barna å gå til Aneflaten for å spele fotball, noko som resulterte i eit «thrilleroppgjer» mellom Sommarfuglane og Sjiraffane! Det var ikkje noko å seie på innsatsen i kampen som gjekk over 5 omgangar på 120 minutt, og som enda i seier for Sommarfuglane!

Gjennom arbeid med kropp, rørsle, mat og helse skal barnehagen bidra til at barna opplever trivsel, glede og meistring ved allsidige rørsleerfaringar, inne og ute, året rundt (Rammeplanen:49).

I Pilavika er det alltid noko nytt å utforske, og det er godt å nytta dei varmaste dagane i strandkanten. Der kan barna vasse og leike i fjorden, leita etter krabbar og tanglopper – og etter andre spanande skattar og kryp. Når barna har funne krabbar blir dei frakta i capsar og lagt oppi «krabbebassenget». Der får dei seg nye krabbevener og dei blir mata med blåskjell, tang og sjøgras. Dei får også steinar å kunne gøyme seg under. Reine hotelloppholdet for krabbane med andre ord! Til slutt vert dei sleppte fri att.

Barnehagen skal leggje til rette for at barna kan få eit mangfald av naturopplevingar og få oppleve naturen som arena for leik og læring (Rammeplanen:52).

På ein vindfull dag hadde eit av barna med ein drage til barnehagen. Den var laga av pappaen til barnet, og me var så heldige at me fekk prøva å få den til å fly! Heile avdelinga og ei gruppe frå avdeling Oppe var med bort til Nokkaneset der det var perfekte vindforhold. Det var knytt stor spenning til om me fekk det til, og det vart mykje latter då dei voksne bala veldig! Til slutt fekk me den opp i lufta, til jubel frå heile forsamlinga!

Gjennom arbeid med natur, miljø og teknologi skal barnehagen bidra til at barna får erfaring med konstruksjonar av ulikt materiale og utforskar kva moglegheiter reiskapar og teknologi kan by på (Rammeplan:52).

Dette innlegget vart posta under Vedtekter. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s