Category Archives: Adeling Nede

Isskulpturar

  Ungane syns det var veldig kjekt å laga isskulpturar og eksperimentera med vatn. Det var spennande å sjå neste dag om det hadde vore kaldt nok ute om natta til at vatnet hadde fryse til is. Me fekk og … Les meir

Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Karneval – Tema: Alf Prøysen

I februar hadde me vår årlege temafest/karneval; som alltid er ein kjempe kjekk dag for store og små 🙂 Me pleier å velga eit felles tema om hausten, som kvar aldersgruppa arbeidar med på ulike måtar fram mot karnevalet. I … Les meir

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Bakvendtland av Alf Prøysen

Sjiraffane jobbar i gruppe fram mot temafesten. Dei har valt songen ”Bakvendtland” av Alf Prøysen. I tillegg til replikkar og song skal dei dramatisere humor i versa og dei lagar eigne kostyme og kulissar. Det vert mykje bokstavtrening i førebuinga. … Les meir

Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Eksperiment

Ungane var engasjerte og konsentrerte då me gjorde ulike eksperiment ein dag. Det eine eksperimentet var å teikna med tusj på kaffifilter, dyppa det ned i ein kopp med litt vatn i og so sjå kva som skjer med fargane … Les meir

Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Kropp, rørsle, mat og helse

Onsdagar er både avd. Oppe og Nede i gymsalen i Saften. Det er veldig kjekt; innsatsen er på topp både i frileik, regelleik og hinderløypa. I hinderløypa øver dei blant anna på balansering, turning, kasta og ta imot ball, hinking … Les meir

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

FN-basar Barnehjelp Afrika

Fredag hadde me vår tradisjonelle FN-basar i barnehagen til inntekt til Barnehjelp Afrika; Tusen takk til alle som bidrog til at dette vart ein flott dag! Ungane har vore med å laga og samla inn gevinstar til basaren, laga plakatar og  … Les meir

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

3 Kleppadagar

Forrige veka hadde me tre flotte dagar på Kleppa. Me fekk oppleva hausten på sitt beste; frisk haustluft, skodda som skapte trolsk stemning, sola som varma utover dagen, fine fargar i skogen, blåbær og tyttebær. Me har hatt tre dagar … Les meir

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Sogn folkemuseum på Kaupanger

Måndag tok me rutebussen (nokre sat på i bil) til og frå museumet på Kaupanger. Sjiraffane og to vaksne køyrde bil frå museumet til SIMAS; der fekk dei sjå film om gjenvinning og omvisning på bosplassen. Dei kom tilbake til … Les meir

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Kleppaveka

FRÆKALAND   FROSKEDAMMEN       SMÅKRYP Gjennom arbeidet med natur, miljø og teknikk skal barnehagen bidra til at barna opplever og utforskar naturen og naturens mangfald (Høyringsutkast ny Rammeplan 2017:14).   KLATRING LEIK Leiken skal vera ein arena for barns … Les meir

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Jakt- og fiskedag i Pilavika

Sjiraffane hjalp til å kutta opp grønsaker før me gjekk til Pilavika. Det smakte veldig godt med skattekista med laks, broccoli, blomkål, gulrøtter, smør, krydder og sitron laga på bål. Skulekameratane hadde sitt siste treff denna dagen i Pilavika før … Les meir

Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Skulekameratane

Sjiraffane har arbeida med å laga ein plakat om seg sjølv; dei har skrive, teikna, klypt og limt, finne adressa si og fødselsdatoen sin. Dei eldste barna skal få mulighet til å gleda seg til å begynna på skulen og … Les meir

Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Mink

Me har hatt fleire turar til Pilavika og båthavna for å sjekka minkefellene i det siste; alltid like spente på om det er noko i fellene. I arbeidet med natur, miljø og teknologi skal personalet legge til rette for mangfoldige … Les meir

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Vårtegn

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Utedag på Njøs

Måltider og matlaging i barnehagen skal gi barna eit grunnlag for å utvikla matglede og sunne helsevanar (Høyringsutkast ny Rammeplan 2017:6). Barnehagen skal vera ein arena for daglig fysisk aktivitet og fremme barnas rørsleglede og motoriske kompetanse (Høyringsutkast ny Rammeplan 2017:6).

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Påskekrim del 4

Før morgonsamlinga i dag stod ei jenta og ein gut og såg ut vindauget etter Pulverheksa; kanskje ho hadde finne ein namnelapp til oss i dag òg.. Plutseleg såg me Tyven frå Pulverskogen springa utanfor glashuset i barnehagen! Han hadde … Les meir

Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Påskekrim del 3

Torsdag hadde me påskefrukost for ungane, foreldra og søsken i barnehagen, og jammen hadde det vore ein hemmeleg frukostgjest her før barnehagen opna! Ungane trur det var Pulverheksa; dei trur ho hjelper oss å finna att boksen med namnelappane for … Les meir

Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Påskekrim del 2

I går såg me faktisk Pulverheksa utanfor barnehagen! I morgonsamlinga fann me ein namnelapp oppi boksen med grønsakene til samlinga, men boksen med namnelappane er fortsatt forsvunne. Dette sa ungane om mysteriet: • Pulverheksa hadde ein raud lapp i handa. • … Les meir

Posta under Adeling Nede | Éin kommentar

Påskekrim del 1

I går las me forteljinga Pulverheksas påskekrim i morgonsamlinga, song nokre vår- og påskesongar og snakka om påsken. Gjennom arbeidet med språk, tekst og kommunikasjon skal personalet bruke varierte formidlingsformer og tilby eit mangfald av bøker, songar, bilete og uttrykksformer  (Høyringsutkast … Les meir

Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Eksperiment

Sjiraffane gjorde eit eksperiment som heiter fargetrylleri ein dag. Først gjekk me på butikken og handla eddik, salmiakk, sitronsaft og rødbeter. Me skulle eigentleg ha rødkål, men det fann me ikkje. Fagestoffet som er i rødbeter skifter farge med surhetsgrad, … Les meir

Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Litt frå februar

Marihønene og Sommarfuglane gjekk på tur til biblioteket og syns det var veldig kjekt med so mange bøker dei kunne kikka i. Etterpå åt dei nista si. I arbeidet med kommunikasjon, språk og tekst må personalet bruke varierte formidlingsformer og … Les meir

Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Fastelavn

  Fredag før fastelavn hadde me først fellessamling der me song vår- og påskesongar, og snakka litt om fastelavn. Etterpå hadde me diskotek nede for alle ungane i barnehagen; veldig kjekt å sjå kor kjekt dei har det saman 🙂 … Les meir

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Karneval: Torbjørn Egner

Endeleg var dagen for temafesten/karnevalet i Askedalen barnehage komt; små og store var spente og gleda seg til å sjå kva dei aldersdelte gruppene hadde øvd på og skulle framføra på den flotte scena vår. Maurane og marihønene frå avd. … Les meir

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Leik og medverknad

Leiken skal ha ein sentral plass i barnehagen, og leikens eigenverdi skal anerkjennast. Leiken skal vera ein arena for barnas utvikling, læring, sosiale og språklege samhandling (Høyringsutkast ny Rammeplan 2017:8). Fredag var det ei jenta som spurde om ho kunne få … Les meir

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Gym, mat og kunst

Torsdag møttes skulekameratane i Saften og hadde gym saman. Først hadde dei litt frileik medan me vaksne laga til ei hinderløypa. Me song namnesang før me delte oss i to grupper. Den eine gruppa starta med hinderløypa, medan den andre … Les meir

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Kulturhuset

Det var ein spent gjeng som tok buss til Sogndal torsdag! Askedalen barnehage har Torbjørn Egner som tema i år, og då passa det utruleg bra at «Hakkebakkeskogen» kom som film i år.  Askedalen bhg og Sogndal kino inviterte alle … Les meir

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Gym

Små og store likar seg på gym i Saften onsdagar. Dei klatrar, hoppar, springer, sparkar og kastar ball, leikar med rokkeringar, slenger seg i taua og leikar. Barna skal inkluderast i aktivitetar der dei får vera i rørsle, leik og … Les meir

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Snø :-)

Veldig kjekt med snø! Nokre ungar har hatt med seg ski; dei har fått prøvd seg i ulendt terreng og på utfordrande føre 🙂 Me har aka mykje i barnehagen, på Njøs og på tur i Askedalen. I arbeidet med … Les meir

Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Leik

Den første veka har vore roleg og fin med mykje leik. Kjekt å bytte ut litt leiker; perling har blitt erstatta av kitt, dyr har blitt erstatta av barbie og biler har blitt erstatta av jovo. Leiken skal ha ein … Les meir

Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Godt nyttår!

Marihønene nede og Sommarfuglane laga skilpadder av trolldeig i julegåve til foreldra, Sjiraffane laga peppernøtter som dei la oppi eit reinsdyrglas og Revane laga ugler av naturmateriale. Gjennom arbeidet med kunst, kultur og kreativitet skal barnehagen bidra til at barna … Les meir

Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

På besøk til sjukeheimen

Fire gutar frå nede og to gutar frå oppe fekk vera med å baka pepperkaker og pynta pepperkakehus på sjukeheimen; såg ut som store og små kosa seg. Barnehagen bør ta del i kulturen i nærmiljøet gjennom møte med institusjonar, … Les meir

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Glimt frå kvardagen Oppe

I arbeidet med kommunikasjon,språk og tekst må personalet skape eit språkstimulerande miljø for alle barn og oppmuntre til å lytte, samtale og leike med lyd, rim og rytme, og til å fabulere ved hjelp av språk og song (Rammeplanen, 2011:41). … Les meir

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Dei 7 fagområda i Rammeplanen

Ein dag tok me med oss noko tang frå Pilavika tilbake til barnehagen for å gjera eit ekperiment; kva skjer når me tømmer kokande vatn over tangen? Ivrige ungar som hjelper til med å bæra boset inn i varebilen. Sommarfuglane … Les meir

Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Tur til Ylvisåker barnehage

Tysdag reiste sjiraffane på besøk til blekksprutane, som er dei eldste barna i Ylvisåker barnehage. Først fekk me vera med dei på ei økt i gymsalen; der fekk me inspirasjon til aktivitetar me kan ta med oss tilbake i Askedalen … Les meir

Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

FN-basar

Fredag hadde me vår tradisjonelle FN-basar i barnehagen til inntekt til Barnehjelp Afrika; tusen takk til alle som bidrog til at dette vart ein flott dag! Ungane har vore med å laga gevinstar til basaren, laga plakatar, pynta og sjiraffane … Les meir

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Lapskaus på bål

Det er veldig kjekt å laga mat ute; ungane er interesserte og ivrige etter å hjelpa til, og dei kosar seg med å sitta rundt bålet og venta på at maten skal bli klar. Me delte opp pølser, poteter, sellerirot, … Les meir

Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Tur til Hafslo

Naturen er ei kjelde til vakre opplevingar og gir inspirasjon til estetiske uttrykk (Rammeplanen, 2011:44). Måndag reiste sjiraffane på tur til Hafslo. Me gjekk først ein tur frå Hestnes til pumpehuset på gamlevegen til Solvorn; der skreiv me oss i turboka. … Les meir

Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Jakt- og fiskedag

Tysdag var sjiraffane med to frå jakt-og fiskelaget ut på fjorden og sette garn. Onsdag var det ein spent gjeng som fekk vera med ut att på fjorden for å ta opp garna me sette tysdag. Det var ivrige, entusiastiske … Les meir

Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Leik

Fredag hadde me felles songsamling nede og sang mange Torbjørn Egner (felles tema bhg-året 2016/17)sangar. Etterpå leika alle ungane saman nede. Det vart servert mykje god mat, og dukkene vart tatt godt vare på 🙂 Leiken skal ha ein sentral … Les meir

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Eplekaka

Måndag baka sjiraffane og marihønene frå avd. Oppe eplekaka. Først gjekk me ut i hagen og fann epler frå bakken som me kunne bruka i kaka. Me måtte forta oss inn att før eplene vart ete opp 😉 Gjennom arbeidet … Les meir

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Litt frå veka som var..

Tysdag er turdag på avd. Nede; denna veka gjekk me til Njøs. Tre av 2-åringane var med oss òg. Me plukka og åt masse gode plommer, klatra i tre og bakkar, leika med dei store traktorane, sklei i sklia og … Les meir

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Pilavika

Me har hatt ein fin start på det nye barnehageåret med solskinsdagar og mykje uteleik. Tysdag gjekk heile avd. Nede på tur til Pilavika. Mykje spennande å utforska der med alle sansane; kaldt vatn, glatte svaberg, tanglopper, steinar i ulike … Les meir

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

SIMAS

Sjiraffane 2015/16 avslutta barnehagetida si med ein lærerik og kjekk tur til SIMAS. Dei vart tatt kjempe godt imot av engasjerte tilsette ved SIMAS. Først hadde dei eit undervisningsopplegg inne og fekk blant anna sjå litt film om sortering og … Les meir

Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Museumstur

Sommarfuglane, Revane og Sjiraffane tok buss til Kaupanger, medan 3-åringane sat på i bilar. Sjiraffane vart køyrd i stor buss heilt opp til SIMAS, og hadde ein veldig interessant og kjekk omvisning der. Gardskona Anna tok oss med tilbake til … Les meir

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Kleppaveka dag 3

Onsdag laga me ei balanseløypa som både små og store gjerne ville prøva.   Me delte oss inn i aldersblanda grupper med 2-, 3-, 4- og 5-åringar og gjekk natursti i ulendt og utfordrande terreng. Ungane svarte på ulike oppgåver … Les meir

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Kleppaveka dag 2

Tysdag gjekk alle på tur før lunsj. Sjiraffane gjekk til Lauparfjellet, Revane, Sommarfuglane og 3-åringane gjekk til Frækaland, medan 2-åringane gjekk tur i området rundt Jakt- og fiskehytta. Gjennom kroppsleg aktivitet lærer barna verda og seg sjølve å kjenne. Ved … Les meir

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Kleppaveka dag 1

På Kleppa går det mange sauer og lam på beite; spennande å få nærkontakt med dei 🙂 I dag laga nokre av ungane Nede naturvev; ungane Oppe såg på det ferdige resultatat då dei kom att frå tur. Alle ungane … Les meir

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Båttur til Slinde

Det var veldig kjekt og spennande å køyra båt til Slinde. Me fiska litt, men hadde ikkje fiskelykka. Gjennom arbeidet med nærmiljø og samfunn skal barnehagen bidra til at barna blir kjende med og deltek i samfunnet gjennom opplevingar og … Les meir

Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Tur i nærmiljøet

  Revane fekk eit nytt oppdrag frå Ugla då dei skulle gå lang tur og sjå husa til tre av Revane; dei skulle finna fem ulike blomster og plukka bos dei fann langs vegen. Revane var som vanleg veldig ivirige … Les meir

Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Blomstergudsteneste

Fredag gjekk Revane, Sjiraffane og alle Oppe til kyrkja. På vegen plukka me fine markblomster. Askedalen, Henjahaugane og Nybø bhg var inviterte til blomstergudsteneste. Me pynta kyrkja med blomster, var med å fortalde historia om skapinga og song fine songar … Les meir

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Bjørgahaug

Torsdag var det tid for skulekamerattreff igjen. Alle 6-åringane frå dei tre barnehagane møttes på parkeringsplassen ved Sanden; frå  der skulle me gå til Bjørgahaug. Det var ein kjempe flott og kjekk tur på fin sti. Dei som kom først … Les meir

Posta under Adeling Nede | Éin kommentar

Fiskesprell

Onsdagar pleier me å ha matprosjekt; ei lita gruppa med ungar frå Nede og Oppe er att i barnehagen saman med to vaksne og lagar ulike matrettar  medan resten er på gym. Forrige onsdag var me so heldige å få … Les meir

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Edderkopphuset

Revane og 3-åringane Oppe gjekk på tur til Edderkopphuset; me skulle sjå om småkrypa hadde vakna til live. Ungane var veldig ivrige og interesserte; me løfta på steinar og fann makkar, edderkoppar, maur, skolopender og skrukketroll. Me hadde med boka Bli … Les meir

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Skidag på Kleppa

Fredag før påske hadde heile avd. Nede + dei eldste Oppe skidag på Kleppa. Ungar og vaksne storkoste seg i snøen med skiaktivitetar, leik , skattejakt og aking 🙂 Gjennom arbeidet med kropp, rørsle og helse skal barnehagen bidra til … Les meir

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Påske

Før påske hadde me påskeverkstad der ivrige og kreative ungar laga flotte kyllingar og harar til å pynta med heima. Gjennom arbeidet med kunst, kultur og kreativitet skal barnehagen bidra til at barna tek i bruk fantasi, kreativ tenking og … Les meir

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Skidag for skulekameratane

Skulekameratane i Leikanger hadde ein super skidag i strålande vinterver på Kleppa forrige tysdag: veldig kjekt å treffast på tvers av barnehagane. Me hadde med rumpeakebrett og dei fleste hadde med ski. Gjennom arbeidet med kropp, rørsle og helse skal … Les meir

Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Februar

Ein gong i månaden treffast skulekameratane, dei eldste frå alle tre barnehagane, for bli å litt kjent før dei skal begynna i same klasse. I februar hadde me treffet på Ingaflaten. Me kosa oss med nistepakke og varm drikka, hadde … Les meir

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Januar

Me har hatt ein roleg og fin januar med mykje leik ute og inne, nokre turar i nærområdet, songsamlingar, lesestunder, gym og grupper med Astrid Lindgren om tema. Barn lærer og utviklar ein samansett kompetanse gjennom leiken. Ved å «late … Les meir

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Innspel avslått på Januar

Lucia

I arbeidet med etikk, religion og filosofi  må personalet la den kristne kulturarven komme til uttrykk mellom anna gjennom høgtidsmarkeringar (Rammeplanen, 2011:47).

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Skulekameratane

Første torsdagen i kvar månad treffast dei eldste barna frå alle tre barnehagane for å bli litt kjende før dei skal byrja på skulen saman. Denna gongen møttes dei i Hundremeterskogen. Dei leika først litt der, før me gjekk saman til … Les meir

Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Lokalt utviklingsarbeid (LUA)

Posta under Adeling Nede, Vedtekter | Kommenter innlegget

Njøsadalen

Personalet må leggje til rette for meiningsfulle opplevingar  og skape tid og rom for bruk av nonverbalt og verbalt språk i kvardagsaktivitetar og leik og i meir tilrettelagde situasjonar (Rammeplanen, 2011:41). Gjennom arbeidet med kropp, rørsle og helse skal barnehagen bidra … Les meir

Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Fleirkulturell dag

Sommarfuglane og Revane fekk høyra forteljinga om Buddha og såg på nokre kunstbilete. Etterpå hadde me tre rolege aktivitetar; yoga, massasje og fargelegging av Mandala. Gjennom arbeidet med etikk, religion og filosofi skal barnehagen bidra til at barna blir kjende … Les meir

Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Tur til Vangsnes

I samband med fagnettverket Natur, miljø og teknikk vart Sjiraff-gruppa invitert til å besøka Vangsnes barnehage tysdag 17.november. Vangsnes barnehage har eit flott turområde og ville syna oss leirplassen sin. Det var veldig kjekt å gå tur i skogen og bli utfordra … Les meir

Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Studentarbeid: demokrati

En av mine oppgaver i praksis var å gjennomføre et lokalt utviklingsarbeid i barnehagen. Jeg valgte tema demokrati, med fokus på nærmiljø og samfunn. De eldste barna var med på dette lokale utviklingsarbeidet. Gjennom flere samlinger hadde vi samtaler om … Les meir

Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Motorikk

I barnehagen driver me kvar dag med mange ulike fin- og grovmotorikske aktivitetar både gjennom leik og vaksenstyrte aktivitetar. Gjennom arbeidet med kropp, helse og rørsle skal barnehagen bidra til at barna vidareutviklar kroppskontrollen, grovmotorikken, finmotorikken, rytmen og den motoriske kjensleevna (Rammeplanen, … Les meir

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Reven og høna

Ein morgon sat nokre ungar saman med to vaksne og leika med plastelina. Den eine vaksne hadde sin andre dag med språkpraksis i barnehagen vår. Det var ei fin stund der dei brukte konkretar til å kommunsisera og sette ord … Les meir

Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Plask, plask :-)

Det er kjekt med nokre regnversdagar innimellom, so me får plaska i søledammar! Spennande å lista seg over brua over den store fossen; me ville ikkje vekka trollet… Leiken til små barn er tett knytt til den særeigne humoren deira. … Les meir

Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Pilavika

Torsdag tok Revane, Sommarfuglane og 3 ungar frå avd. Oppe turen til Pilavika.  Revane, som er naturvakter, fekk i oppdrag frå Ugla å samla ting frå naturen som dei kunne ta med tilbake til barnehagen og laga noko av det. … Les meir

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Utedag på Njøs

Onsdag hadde avdeling nede ein flott dag på Njøs 🙂 Ungane var med å laga eit tre-rettars måltid på bål. Dei delte opp pølser til lapskausen, laga rundstykker, grilla pinnebrød og laga plommegraut til dessert. Gjennom arbeidet med kropp, rørsle … Les meir

Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Litt frå veka som var :-)

Gjennom rike erfaringar med kunst, kultur og estetikk får barn mange høve til sansing, oppleving, eksperimentering, skapande verksemd, tenking og kommunikasjon (Rammeplanen, 2011:42). Barnehagen skal gi barna muligheter for lek, livsutfoldelse og meningsfylte opplevelser og aktiviteter (Barnehageloven).

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Ved fjorden

Tysdag var nokre sjiraffgutar og alle revane på tur til Pilavika. Dei fanga krabbe, samla steinar og hadde vasskrig. Torsdag var alle sjiraffane på tur til båthavna. Alle fekk vera med ein liten tur i robåten til Jakt- og fiskelaget. … Les meir

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Jakt- og fiskedag i Nybøstrondi

Måndag var halve sjiraffgruppa ute med båt og sette garn. Tysdag reiste den andre halve sjiraffgruppa ut med båt og tok opp att garna, og so møttes alle i Nybøstrondi. Det er ein tradisjon at dei eldste ungane i alle tre barnehagane … Les meir

Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Spel

Det er mange som likar godt å spela ulike spel som Lotto og pusla puslespel. Aktiviteten fremmar konsentrasjon, turtaking og det å sjå samanhengar. Gjennom arbeidet med tal, rom og form må personalet sørgje for at barna har tilgang til … Les meir

Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Tur til Hundremeterskogen

Tysdag gjekk Sommarfuglane på tur til Hundremeterskogen. Me fekk selskap av avd. Oppe på turen frå barnehagen til skogen. Sommarfuglane syns det var spennande å sjekka postkassene og husa til Ole Brumm og vennene. Me åt lunsj og las ei … Les meir

Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Lappar til lunsj på Njøs

4 flinke bakara som laga lapperøra. Me fann oppskrift på internett, fann fram alle ingrediensane, talde, målte opp, tømte oppi, delte egg og rørte. Gjennom arbeidet med kommunikasjon, språk og tekst skal barnehagen bidra til at barna vidareutviklar omgrepsforståinga og … Les meir

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Kunstutstilling

Onsdag gjekk både avdeling Oppe og Nede på tur til parken ved Saften. Der vart det hopping på trampolina, balansering, sisten og bjørnen sover. Gjennom arbeidet  med kropp, rørsle og helse må personalet sørgje for god planlegging og fleksibel tilrettelegging og … Les meir

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Uglas smuldredessert

Sommarfuglane skal ha Ole Brumm som tema i år; utifrå det skal dei arbeida med fargar, årstider, tal, laga mat og gå turar. Tysdag starta me med å snakka om Ole Brumm og vennene, og so las me boka Hvor … Les meir

Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Gullhår og dei tre bjørnane

Fredag inviterte avdeling Oppe avdeling Nede til teaterframsyning av eventyret Gullhår og dei tre bjørnane; det var stor stas 🙂   Gjennom arbeidet med kunst, kultur og kreativitet skal barnehagen bidra til at barna lærer å lytte, observere og uttrykkje … Les meir

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Eplechips

Ungane fekk vera med å sjå på, hjelpa til og smaka . Eplechipsa vart veldig gode. Gjennom arbeidet med kommunikasjon, språk og tekst skal barnehagen bidra til at barna vidareutviklar omgrepsforståinga og bruker eit variert ordforråd ved at personalet legg … Les meir

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Massasje

Forrige barnehageår hadde me innimellom massasjegrupper, og dette vil me fortsetta med og prøva å få til litt oftare i arbeidet med fagområdet etikk, religion og filosofi og kropp, rørsle og helse. Ungane likar det veldig godt. Dei blir tryggare … Les meir

Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Pilavika

 Sommarfuglane gjekk på tur til Pilavika og storkosa seg der ein nydeleg seinsommardag.  Dei leika med vatn, hadde vasskrig, klatra på svaberg og balanserte på glatte steinar, leita etter spanande ting i fjøra og plukka nyper. Gjennom arbeidet med natur, … Les meir

Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Njøs

Me hadde ein flott utedag på Njøs, Ungane klatra i tre og på fjell, leika rolleleik og hjalp til å rydda gras og laga bål.   Tre jenter som laga pepperkaker 🙂  Det smakte godt med tomatsuppe til lunsj. Gjennom … Les meir

Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Malingsaktivitet

Me las boka om fargemysteriet der Ole Brumm og vennene malar med gul, blå og raud, og so oppdagar dei lilla, oransje og grøne fotspor. Detta ville me òg utforska og fann fram malesaker. Me brukte primærfargane gul, raud og … Les meir

Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Fiskedag i Pilavika

Forrige onsdag hadde dei eldste ungane i Askedalen, Nybø og Henjahaugane barnehage ein flott dag i Pilavika saman med Jakt- og fiskelaget. Alle ungane fekk prøva å fiska og alle fekk kvar si fiskestang   Mykje spanande å utforska. Kjekt å … Les meir

Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Utgravingar

Me har teke eit par turar bort og sett på utgravingane på Hermansverk med dei ungane som har vore interesserte. Arkeologane har teke oss godt i mot og teke seg tid til å snakka med oss, svara på spørsmål og … Les meir

Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Måseunge

Forrige veka høyrde me nokre rare pipelydar frå ventilasjonsrøyret i taket på kjøkenet, og såg noko bevega seg i ein liten sprekk… Me trudde kanskje det var ei flaggermus; det var veldig spennande! Etter ei stund fekk me hjelp av … Les meir

Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Revane på tur til SIMAS

Som ein del av arbeidet i  barnehagen med fagområdet , natur, miljø og teknikk tok me kontakt med Simas, for å høyra om me kunne komma på besøk. Me ville sjå kva som skjedde med boset som me sorterar. Det … Les meir

Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Blomstergudsteneste

I går tok alle i Askedalen barnehage turen til kyrkja; me var invitert til blomstergudsteneste saman med Nybø og Henjahaugane bhg. Presten Egon ønskja å pynta kyrkja med vakre markblomster; so på vegen til kyrkja plukka me mange ulike blomster … Les meir

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Spel

Barn er nysgjerrige, kunnskapstørste og lærelystne (Rammeplanen, 2011:33). Gjennom arbeidet med kommunikasjon, språk og tekst skal barnehagen bidra til at barna lyttar, observerer og gir respons i gjensidig samhandling med barn og vaksne, vidareutviklar omgrepsforståinga og bruker eit variert ordforråd (Rammeplanen, 2011:40). … Les meir

Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Tur til Aneflaten

Uteleik og uteaktivitet er ein viktig del av barnekulturen som ein må ta vare på, uavhengig av geografiske og klimatiske forhold. Barna bør få impulsar og inspirasjon til leiken gjennom opplevingar i nærmiljøet (Rammeplanen, 2011:32).   Bygga hytta er kjekt 🙂

Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Tur i nærmiljøet

Tysdag gjekk på på tur til Coop Byggmix for å kjøpa eit kubein. Gjennom arbeidet med nærmiljø og samfunn skal barnehagen bidra til at barna blir kjende med og deltek i samfunnet gjennom opplevingar og erfaringar i nærmiljøet (Rammeplanen, 2011:48). Etterpå … Les meir

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

17. mai pynt

Nokre av ungane oppe og nede lagde 17. mai- roser av pappfat. Først mala dei med rødt, kvitt og blått, so klypte dei ut ein sirkel og nokre fekk til å klyppa ut ein spiral, men mange måtte ha litt … Les meir

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Pilavika

Personalet må sørgje for god planlegging og fleksibel tilrettelegging og utnytting av det fysiske miljøet og vurdere korleis nærmiljøet kan supplere barnehageareala til ulike årstider (Rammeplanen, 2011:42).

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Fredag – Kleppaveka

Fredag hadde me hinderløypa på Kleppa. Ungane kasta stein på blink, sprang sikk-sakk, balanserte, krøyp, klatra og hoppa. Gjennom arbeidet med kropp, rørsle og helse skal barnehagen bidra til at barna skaffar seg gode erfaringar med varierte og allsidige rørsler … Les meir

Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Torsdag – Kleppaveka

På torsdag hadde me rebusløp på Kleppa. Ungane vart delt i fire grupper og so sprang dei til kvar sin post. Der fann dei ein pose med rosa, blå og gule papirlappar med bokstavar på; desse bokstavane skulle dei setta … Les meir

Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Onsdag – Kleppaveka

Det vart veldig populært å klatra opp fjellveggen og skli ned att; tøffe og flinke ungar. Gjennom arbeidet med kropp, rørsle og helse skal barnehagen bidra til at barna skaffar seg gode erfaringar med varierte og allsidige rørsler og utfordringar (Rammeplanen, 2011:42). … Les meir

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Tysdag – Kleppaveka

Me er so heldige at me har fått låna Jakt- og fiskelaget si hytta på Kleppa denna veka. Der et ungane frukost, og so har me litt rolege aktivitetar som brettspel og teikning før me går ut. Tysdag var me … Les meir

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Måndag – Kleppaveka

Naturopplevingar og god, sunn mat er ein viktig del av Kleppaveka. Måndag var det fiskeburger som stod på menyen. Godt kosthald og god veksling mellom aktivitet og kvile er viktig for å utvikle ein sunn kropp. Variert fysisk aktivitet både … Les meir

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Maling

Tysdag fekk nokre av ungane mala med primærfargane. Dei brukte både pensel, hendene og isopor til å mala med, og blanda ulike fargar. Gjennom rike erfaringar med kunst, kultur og estetikk får barn mange høve til sansing, oppleving, eksperimentering, skapande … Les meir

Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Så frø

Før påske snakka me litt om vår og nytt liv, og Revane sådde frø. Alle har følgd spent med på om det har byrja å spira.   Etter påske har me fortset arbeidet ute. Me har laga til ein grønsakshage, … Les meir

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget