Godt nyttår!

gaver

Julegåver

Marihønene nede og Sommarfuglane laga skilpadder av trolldeig i julegåve til foreldra, Sjiraffane laga peppernøtter som dei la oppi eit reinsdyrglas og Revane laga ugler av naturmateriale.

  • Gjennom arbeidet med kunst, kultur og kreativitet skal barnehagen bidra til at barna har tilgang til ting og materiell som understøtter deira leikende og estetiske utrykksformer (Høringsutkast ny Rammeplan 2017).
sno

Snø 🙂

Endeleg fekk me litt snø! Kjempe kjekt å skli på rumpeakebrett, laga snøballar, laga snøkaker, rulla i snøen og laga snømann.

  • Barnehagen skal bidra til at alle barn kan oppleve glede, humor, spenning og engasjement gjennom leik; åleine og saman med andre (Høringsutkast ny Rammeplan 2017).
Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

På besøk til sjukeheimen

baka

Pepperkakebaking på sjukeheimen.

Fire gutar frå nede og to gutar frå oppe fekk vera med å baka pepperkaker og pynta pepperkakehus på sjukeheimen; såg ut som store og små kosa seg.

  • Barnehagen bør ta del i kulturen i nærmiljøet gjennom møte med institusjonar, organisasjonar og enkeltpersonar. Eldre generasjonar kan dele viktig kunnskap med barna og personalet i barnehagen. Personalet bør formidle tradisjonar som skaper tilhøyrsle, gjennom bøker, litteratur, song, musikk og kreativ verksemd (Rammeplanen, 2011:36).
egner

Framføring av julespelet på sjukeheimen.

Sjiraffane og Revane var på sjukeheimen og framførte julespelet som dei har øvd på i fleire veker. Ungane er kjempe flinke; dei kan både replikkane og songane utenatt og står åleina framfør publikumet og snakkar i mikrofon! Temaet i barnehagen i år er Torbjørn Egner, og det kjem godt til syne i denna førestillinga; familien Juleglad får blant anna besøk av Karius og Baktus, tante Sofie og politimester Bastian.

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Glimt frå kvardagen Oppe

bok

Lesestund og rolleleik

  • I arbeidet med kommunikasjon,språk og tekst må personalet skape eit språkstimulerande miljø for alle barn og oppmuntre til å lytte, samtale og leike med lyd, rim og rytme, og til å fabulere ved hjelp av språk og song (Rammeplanen, 2011:41).
mat

Matlaging

oppenede

Kos, leik, lesing

  • I omsorg, leik og læring blir den sosiale kompetansen  til barn både uttrykt og stadfesta ved at dei viser evne til å leve seg inn i andre sin situasjon og viser medkjensle (Rammeplanen, 2011:34).
ut

Tur i nærmiljøet

sja

Rolige stunder

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Dei 7 fagområda i Rammeplanen

tang

Natur, miljø og teknikk

Ein dag tok me med oss noko tang frå Pilavika tilbake til barnehagen for å gjera eit ekperiment; kva skjer når me tømmer kokande vatn over tangen?

bos

Nærmiljø og samfunn

Ivrige ungar som hjelper til med å bæra boset inn i varebilen.

bukkene

Kunst, kultur og kreativitet.

humla

Kommunikasjon, språk og tekst.

Sommarfuglane og marihønene nede har dialogisk lesing av boka Snøhumla Mille.

lesa

Kommunikasjon, språk og tekst.

 

ro

Etikk, religion og filosofi.

jul

Kunst, kultur og kreativitet.

 

perla

Tal, rom og form.

Mange som syns det er veldig kjekt å perla no. Dei sorterer etter fargar, tel og perler ulike mønster og former både etter fantasi og etter teikning.

perle

Tal, rom og form.

 

tur

Kropp, helse og rørsle.

Då me gjekk tur i nærmiljøet fredag var det isen på sølepyttane og den glatte vegen som fanga interessen til ungane; veldig kjekt å lata som ein går på skøyter og detta ned.

Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Tur til Ylvisåker barnehage

Tysdag reiste sjiraffane på besøk til blekksprutane, som er dei eldste barna i Ylvisåker barnehage.

gym

Gymsalen

Først fekk me vera med dei på ei økt i gymsalen; der fekk me inspirasjon til aktivitetar me kan ta med oss tilbake i Askedalen barnehage. Me fekk vera med på ulike leikar med høgt tempo og fokus på tal, rom og form.

  • Gjennom arbeidet med tal, rom og form skal barnehagen bidra til at barna opplever glede over å utforske og leike med tal og former (Rammeplanen, 2011:49).
bhg

Uteområdet i barnehagen

Etterpå fekk me leika ute i Ylvisåker barnehage; kjekt å utforska eit nytt uteområde. Det var eit variert terreng med stubbar i ulike høgder til å balansera på, steinar i ulike størrelsar til å klatra på og små bekker som rann til å laga demningar i.

  • Gjennom arbeidet med kropp, rørsle og helse skal barnehagen bidra til at barna utviklar glede over å bruke naturen til utforsking og kroppslege utfordringar (…) (Rammeplanen, 2011:42).
bensin

Bensinstasjon

Sjiraffane syns det var veldig kjekt å leika med bensinpumpa; kanskje det blir neste gjenbruksprosjektet i barnehagen vår..

mat

Lunsj i lavoen

Det var koseleg og varmt å sitta rundt bålpanna i lavoen og eta god betasuppe til lunsj.

ute

Tur i skogen

Etter lunsj fekk me sjå uteområdet dei har utanfor barnehageporten. Det var eit spennande og utfordrande område ved fjorden med skog, ulent terreng og fjellknausar.

inne

Leik inne i barnehagen

Til slutt leika me litt inne før me køyrde tilbake til «byen» som ungane kalla Leikanger etter me hadde vore i Norane ;-).

Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

FN-basar

Fredag hadde me vår tradisjonelle FN-basar i barnehagen til inntekt til Barnehjelp Afrika; tusen takk til alle som bidrog til at dette vart ein flott dag!

basar

Ivrige og flinke hjelparar.

Ungane har vore med å laga gevinstar til basaren, laga plakatar, pynta og sjiraffane tok betalt for gryterett, sveler, kaffi og saft og hjalp til med loddsalget.

  • Gjennom arbeidet med nærmiljø og samfunn skal barnehagen bidra til at barna erfarer at alle menneske, uavhengig av alder og føresetnader, inngår i og bidreg til barnehagefellesskapen (Rammeplanen, 2011:47).
img_0040

Mange flotte gevinstar.

img_0042

Kunstutstilling

Nytt i år var den flotte kunstutstillinga; alle ungane hadde laga eit kunstverk som foreldra kunne kjøpa for ein valgfri sum 🙂

  • Barnehagen må gi barna høve til å oppleve kunst og kultur og til sjølve å uttrykkje seg estetisk (Rammeplanen, 2011:42).
elg

Haustkunst

eple

Perla epler

img_0041

Det var òg tippekonkurranse og quiz i år 🙂

img_0043

Store og små kosa seg på basaren.

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Lapskaus på bål

kokkar

Mange flinke kokkar.

Det er veldig kjekt å laga mat ute; ungane er interesserte og ivrige etter å hjelpa til, og dei kosar seg med å sitta rundt bålet og venta på at maten skal bli klar.

mat

Lapskaus

Me delte opp pølser, poteter, sellerirot, persillerot og blanda det saman med frosen lapskausblanding og kjøtbuljong. Mange av ungane syns lapskausen vart veldig god 🙂

  • Gjennom arbeidet med kropp, helse og rørsle skal barnehagen bidra til at barna får gode erfaringar med friluftsliv og uteliv til ulike årstider (Rammeplanen, 2011:42).
paera

Pærer

Me plukka søte og veldig gode pærer på Njøs; dei steikte me med smør, kanel og litt sukker på og åt til dessert 🙂

Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Tur i nærmiljøet

klatra

Klatra, krabba, balansera, hoppa.

Barn skal få utforske og oppdage nærmiljøet sitt (Rammeplanen, 2011:47).

tangDet er mykje spennande å oppleva og erfara i nærmiljøet; ved sjøen fann me tang som me kunne kjenna på, tulla med og kasta ut i sjøen. På bakken i barnehagen fann dei store epler som dei tok med på tur; sjølvplukka epler smakar ekstra godt!

Posta under Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Tur til Hafslo

hafslo

Ser på utsikten over Hafslo og Hafslovatnet 🙂 

  • Naturen er ei kjelde til vakre opplevingar og gir inspirasjon til estetiske uttrykk (Rammeplanen, 2011:44).

Måndag reiste sjiraffane på tur til Hafslo. Me gjekk først ein tur frå Hestnes til pumpehuset på gamlevegen til Solvorn; der skreiv me oss i turboka.

tur

Tur i skogen, leik på Gråtass og lunsj heima hjå meg.

På veg tilbake hadde me ein leikestopp ved Gråtass. Me åt nistepakken vår heima hiå meg. Etterpå leika dei litt ute før me køyrde til Gamlestova barnehage. Me fekk lov til å leika ute der; alltid kjekt med nye leikeplassar.

bhg

Leik ute i Gamlestova barnehage.

På veg tilbake til Askedalen barnehage stoppa me i Sogndal for å få ein omvisning på politistasjonen. Det var ein spent og ivrig gjeng som fekk sitta i politibilen, høyra sirena, sjå blålys, prøva håndjern og alle torde å gå inn i arresten.

politi

Omvisning på politistasjonen i Sogndal.

  • Gjennom arbeidet med etikk, religion og filosofi skal barnehagen bidra til at barna tileignar seg grunnleggjande samfunnsnormer og -verdiar. For å arbeide i retning av desse måla må personalet skape rom for opplevingar, undring, ettertanke og gode samtalar (Rammeplanen, 2011:47).

I bilen til og frå Hafslo hadde me gode samtalar og undringar om det me såg langs vegen, det me skulle oppleva og hadde opplevd.

Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Jakt- og fiskedag

bat

Sette garn.

Tysdag var sjiraffane med to frå jakt-og fiskelaget ut på fjorden og sette garn.

garn

Tok opp garn.

Onsdag var det ein spent gjeng som fekk vera med ut att på fjorden for å ta opp garna me sette tysdag. Det var ivrige, entusiastiske og litt nervøse ungar som drog opp den eine pigghåen etter den andre, og fylte to kassar med hai!

fisk

Litt av fangsten.

Skulekameratane frå Askedalen, Henjahaugane og Nybø barnehage hadde ein kjempe kjekk dag i Nybøstranda saman med Jakt- og fiskelaget.

  • I arbeidet med Nærmiljø og samfunn må personalet bruke ressursane i nærmiljøet til gode opplevingar og læring som er tilpassa  føresetnadene og interessene til barna, og sørgje for at barnehagen bidreg aktivt i nærmiljøet (Rammeplanen, 2011:48).
fangst

Kråkebolle, krabbe og sjøstjerner.

Det var spennande og lærerikt å få nærkontakt med fisk, krabber, kråkeboller, sjøstjerner og hai; alle sjiraffane prøvde å halda ein eller fleire av dei 🙂

matlaging

Matlaging

Ungane følgde interesserte med på sløying av fisk og tilbereding av lunsjen.

  • Gjennom arbeidet med Natur, miljø og teknikk skal barnehagen bidra til at barna får erfaring med  og kunnskap om dyr og vekstar og at dei er avhengige av kvarandre og viktige for matproduksjonen (Rammeplanen, 2011:45).
mat

Lunsj

Me fekk smaka krabbe, kveita, torsk og makrell som var tilberedt på bålet.

Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Leik

egner

Fredag hadde me felles songsamling nede og sang mange Torbjørn Egner (felles tema bhg-året 2016/17)sangar.

leik

Etterpå leika alle ungane saman nede. Det vart servert mykje god mat, og dukkene vart tatt godt vare på 🙂

  • Leiken skal ha ein sentral plass i barnehagen. Leiken har eigenverdi og er ei viktig side ved barnekulturen. Leiken er eit allmennmenneskeleg  fenomen der barn har høg kompetanse og stort engasjement. Han er ei grunnleggjande livs- og læringsform som barn kan uttrykkje seg gjennom (Rammeplanen, 2011:32).

tog

Medan nokre leika rolleleik leika andre med konstruksjonsleiker som duplo og togbana.

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Eplekaka

epler

Plukka epler i hagen.

Måndag baka sjiraffane og marihønene frå avd. Oppe eplekaka. Først gjekk me ut i hagen og fann epler frå bakken som me kunne bruka i kaka. Me måtte forta oss inn att før eplene vart ete opp 😉

  • Gjennom arbeidet med natur, miljø og teknikk skal barnehagen bidra til at barna får erfaring med og kunnskap om dyr og vekstar og at dei er avhengige av kvarandre og viktige for matproduksjonen (Rammeplanen, 2011:45).
kaka

Bake, bake kake..

Ivrige ungar var med å delte epler, tok oppi egg, rørte og strødde på kanel.

  • Felles opplevingar og aktivitetar  gir eit unikt høve til kommunikasjon mellom barn (Rammeplanen, 2011:35).
eplekaka

Eplekaka

baka

Viktig å smaka 😉

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

August avd. Oppe

Leik

Leik, tur, lesing.

Me har hatt ein fin oppstart på småbarnsavdelinga med mange nye 1-åringar. Dagane er varierte og tilpassa vèr og barnegruppa. Me har vore på turar i nærmiljøet, leika mykje både inne og ute, hatt mange lesestundar og songsamlingar.

  • Barnehagen skal møte barna med tillit og respekt, og anerkjenne barndommens egenverdi. Den skal bidra til trivsel og glede i lek og læring, og være et utfordrende og trygt sted for fellesskap og vennskap (Barnehageloven)
samspel

Samspel

  • Tidlege erfaringar med jamnaldringar er svært viktig for samspelsevnene og gjer barnehagen til ein viktig arena for sosial utvikling, læring og etablering av vennskap (Rammeplanen, 2011:34).
song

Songsamling

Songsamlingane er kjekke og skaper fellesskap. Song er ein viktig del av språkstimuleringa og kulturformidlinga i barnehagen.

  • Personalet bør formidle tradisjonar som skaper tilhøyrsle, gjennom bøker, litteratur, song, musikk og kreativ verksemd (Rammeplanen, 2011:36).
Posta under Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Litt frå veka som var..

Plommer

Plommer på Njøs.

Tysdag er turdag på avd. Nede; denna veka gjekk me til Njøs. Tre av 2-åringane var med oss òg. Me plukka og åt masse gode plommer, klatra i tre og bakkar, leika med dei store traktorane, sklei i sklia og leika rolleleik i gapahuken. Det smakte godt med påsmurde skiver til lunsj.

  • Ved sanseinntrykk og rørsle skaffar barn seg erfaring, dugleik og kunnskap på mange område (Rammeplanen, 2011:41).
Oppg

Førskulegruppa

Fredagar har sjiraffane førskulegruppa etter morgonsamlinga; då får dei ulike oppgåver med tal, bokstavar, fargar o.l. Me samtalar om det dei teiknar, oppgåvene dei løyser, skulen, skulekamerattreffa og mange andre ting. Dei er ivrige og konsentrerte.

  • Det må leggjast til rette for at barna kan ta avskjed med barnehagen på ein god måte, gle seg til å begynne på skulen og oppleve at det er ein samanheng mellom barnehagen og skulen (Rammeplanen, 2011:59).
Mat

Varmmat

Denna veka hadde me varmmat to dagar. Torsdag hadde me havregrøt med rosiner, blåbær, jordbær og kanel til. Fredag hadde me bursdagsbarn på avdelingen; då vart det nachos til lunsj.

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Pilavika

Pilavika

Me har hatt ein fin start på det nye barnehageåret med solskinsdagar og mykje uteleik. Tysdag gjekk heile avd. Nede på tur til Pilavika. Mykje spennande å utforska der med alle sansane; kaldt vatn, glatte svaberg, tanglopper, steinar i ulike størrelsar og former som lagar små og store plask når ein kastar dei uti vatnet.

  • I arbeidet med kommunikasjon, språk og tekst må personalet leggje til rette for meiningsfulle opplevingar og skape tid og rom for bruk av nonverbalt og verbalt språk i kvardagsaktivitetar og leik i meir tilrettelagde situasjonar (Rammeplanen, 2011:41).
Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Nullmobbing.no

nullmobbing_medium_bla

På det nye nettstedet www.nullmobbing.no finner barn, unge og foreldre informasjon og råd om mobbing og deres rettigheter (Utdanningsdirektoratet).

Posta under Vedtekter | Kommenter innlegget

SIMAS

simas

Sjiraffane 2015/16 avslutta barnehagetida si med ein lærerik og kjekk tur til SIMAS. Dei vart tatt kjempe godt imot av engasjerte tilsette ved SIMAS. Først hadde dei eit undervisningsopplegg inne og fekk blant anna sjå litt film om sortering og helsa på den store elefanten som ein gong vart redda frå å bli bos.

  • I arbeidet med nærmiljø og samfunn  må personalet gi barna meiningsfylte møte med personar , arbeidsplassar og institusjonar i nærmiljøet og sørgje for at barna får bearbeide og utdjupe opplevingane (Rammeplanen, 2011:48).

simas2

Etterpå fekk dei omvisning på dei ulike sorteringsanlegga. Sjiraffane hadde med seg bl.a. kle og batteri som dei sorterte.

  • I arbeidet med natur, miljø og teknikk må personalet i tale og handling fremje ei forståing for berekraftig utvikling (Rammeplanen, 2011:45).
Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Museumstur

buss

Veldig stas å få sitta på i stor buss til og frå Kaupanger!

Sommarfuglane, Revane og Sjiraffane tok buss til Kaupanger, medan 3-åringane sat på i bilar. Sjiraffane vart køyrd i stor buss heilt opp til SIMAS, og hadde ein veldig interessant og kjekk omvisning der.

leik

Først leika Revane og Sommarfuglane på leikeplassen.

Hus

Kjempe kjekk eventyrstund i eit 300 år gamalt hus.

Gardskona Anna tok oss med tilbake til gamledagar. Ho fortalde om korleis dei levde for 300 år sidan og viste oss noko av utstyret dei brukte for å laga seg mat og kle. Ho fortalde eventyret om Mannen som ville stella heima på ein levande og spennade måte, og fenga små og store 🙂

  • Gjennom arbeidet med nærmiljø og samfunn skal barnehagen bidra til at barna blir kjende med nokre historiske endringar i lokalmiljøet og samfunnet (Rammeplanen, 2011:48).
dyr

Nærkontakt med hest, sauer og grisar.

Etterpå fekk me vera med bonden å mata dyra på garden. Dei har grisar, sauer, hest, høner, hane og kyr.

Høne

Mating av høner.

  • Gjennom arbeidet med natur, miljø og teknikk skal barnehagen bidra til at barna får erfaring med og kunnskap om dyr og vekstar og at dei er avhengige av kvarandre og viktige for matproduksjonen (Rammeplanen, 2011:45).
Ku

Stas å få mata kalvane 🙂

troll

Spennande tur i eventyrskogen.

Me gjekk òg ein tur i eventyrskogen og ungane dramatiserte eventyret om Bukkene bruse. 

  • Barnehageinnhaldet bør inspirere til fantasi, skaparglede og livsutfalding (Rammeplanen, 2011:32).

Etter lunsj var me inne og såg på barneutstillingen; der var det òg leiker som gyngehestar, klossar og lafteklossar som me kunne leika med  🙂

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Kleppaveka dag 3

balanse

Balanseløypa

Onsdag laga me ei balanseløypa som både små og store gjerne ville prøva.

dyr

1. «Bææ, mat!» 2. Insekt 3. Frosk

 

oppg

Natursti

Me delte oss inn i aldersblanda grupper med 2-, 3-, 4- og 5-åringar og gjekk natursti i ulendt og utfordrande terreng. Ungane svarte på ulike oppgåver som Kva heiter lillesøstera til Emil i Lønneberget? og Kva kjenner du oppi sanseposen? 

  • Gjennom arbeidet med kommunikasjon, språk og tekst skal barnehagen bidra til at barna vidareutviklar omgrepsforståinga og bruker eit variert ordforråd (Rammeplanen, 2011:40).
gran

Dei smakte på granskudd og konkluderte med at det smakte surt.

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Kleppaveka dag 2

tur

Tur til Frækaland

Tysdag gjekk alle på tur før lunsj. Sjiraffane gjekk til Lauparfjellet, Revane, Sommarfuglane og 3-åringane gjekk til Frækaland, medan 2-åringane gjekk tur i området rundt Jakt- og fiskehytta.

  • Gjennom kroppsleg aktivitet lærer barna verda og seg sjølve å kjenne. Ved sanseinntrykk og rørsle skaffar barna seg erfaring, dugleik og kunnskap på mange område (Rammeplanen, 2011:41).
tunnel

Frækaland

Me fann mykje spennande å utforska på tur; blant anna eit tre som bøygde seg og laga ein stor og ein liten tunnel, mange kjuker (soppar) som danna ei trapp på treet, og trerot som såg ut som ein dinosaur.

  • Naturen er ei kjelde til vakre opplevingar og gir inspirasjon til estetiske uttrykk (Rammeplanen, 2011:44).
sopp

Mykje spennande i naturen

ring

Filosofering

Etter lunsj hadde ei lita gruppa litt filosofering om kva ein kan bruka kjuken (soppen) til; det var mange gode forslag som ein krakk, eit helikopter og ei trillebår. Medan me sat og filosoferte om kjuken kom det eit insekt flygande som fanga merksemda. Ungane hadde ulike tankar om insektet; ein tenkte at insektet elska folk sidan det satte seg på ein av oss, medan ein anna tenkte at den hang oppned som ei flaggermus og ei tenkte at namnet på insektet kunne vera klatreflyging.

  • I arbeidet med etikk, religion og filosofi må personalet skape rom for opplevingar, undring, ettertanke og gode samtalar (Rammeplanen, 2011:47).
ark

Filosofering

frosk

Frosk

Me fann ingen frosk i froskedammen i år, men nede i myra fann me både rumpetroll, ein babyfrosk og ein større frosk. Nokre av gutane ville prøva å kyssa frosken for å sjå om den vart til ei prinsessa; det var nokre overraska ungar som oppdaga ei prinsessa nede i myra i dag tidleg..  🙂

insekt

Insektsfangar

Revane fekk låna med seg ein insektsfangar frå Slinde forrige veka; den testa me på både bar- og løvtre. Me fekk snegle, edderkoppar, larver m.m. som me studerte i forstørringsglas. Etter å ha studert dei litt slapp me dei fri.

måler

Målar

spel

Stigespelet

Me laga stigespel av ting me fann rundt oss, brukte store terningar og ungane var sjølve brikkene. Kom dei til eit plussteikn med 3 ting kunne dei gå tre plassar fram, medan dei måtte gå tre plassar tilbake viss dei kom på minusteikn med 3 ting. Me hadde òg «stige» som dei kunne vera uheldige å detta ned eller dei kunne vera heldige å klatra opp.

  • Gjennom leik, eksperimentering og kvardagsaktivitetar utviklar barna matematisk kompetanse (Rammeplanen, 2011:49).
stige

Stigespelet

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Kleppaveka dag 1

tur

Sauer og naturvev

På Kleppa går det mange sauer og lam på beite; spennande å få nærkontakt med dei 🙂 I dag laga nokre av ungane Nede naturvev; ungane Oppe såg på det ferdige resultatat då dei kom att frå tur.

dammen

Froskedammen

Alle ungane Oppe gjekk på tur til froskedammen i dag. Me hadde med oss tre håver og alle var flinke til å venta på tur. Me fann ingen froskeegg, rumpetroll eller froskar, men det var kjekt å fiska gras og mose med håv. Og til slutt fekk ein av ungane ein vannymfe som alle fekk sjå på.

skog

Kleppa

  • Fagområdet natur, miljø og teknikk skal bidra til at barna blir kjende med og får forståing for planter og dyr, landskap, årstider og vêr (Rammeplanen, 2011:44).
Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Maling

maling

Ungane Oppe laga flotte kunstverk ein morgon; me hang dei til utstilling ute på veggen. Dei brukte fargane grøn, rød og gul og syns det var spennande å sjå at dei kunne laga nye farga ved å blanda. Dei laga lilla, oransje og svart. Det vart mala spøkelser, fotspor og regnboger.

  • Gjennom rike erafaringar med kunst, kultur og estetikk får barn mange høve til sansing, oppleving, eksperimentering, skapande verksemd, tenking og kommunikasjon (Rammeplanen, 2011:43).
Posta under Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Båttur til Slinde

båt

Båttur

Det var veldig kjekt og spennande å køyra båt til Slinde. Me fiska litt, men hadde ikkje fiskelykka.

  • Gjennom arbeidet med nærmiljø og samfunn skal barnehagen bidra til at barna blir kjende med og deltek i samfunnet gjennom opplevingar og erfaringar i nærmiljøet (Rammeplanen, 2011:48).
tur

Slinde

Då me kom fram til Slinde gjekk me ein liten tur. Me hadde fått nokre oppdrag frå Ugla til duggleturen vår. Me skulle bruka sansane våre til å:

  1. Finna noko som ser ut som eit hjerte.
  2. Finna noko som kjennes glatt ut.
  3. Finna noko som smakar surt.
  4. Finna noko som luktar godt.
  5. Finna ut kva me kan høyra?
hjerte

Hjerteform

Me fann hjerteforma blad og hjerteformer på fjell.

smaka

Blomster

Me fann surblad som smakte surt, rødkløver som smakte søtt og hundekjeks som lukta godt.

  • Barn er nysgjerringe, kunnskapstørste og lærelystne. Det skal barnehagen støtte opp under og slik gi eit godt grunnlag for livslang læring og danning (Rammeplanen, 2011:33).
huldra

Huldrasteinen

Me traff nokon som fortalde at de budde hulder inni denna store steinen; då måtte me prøva å banka på og lytta om me høyrde huldra og sjå om ho sprang ut, men dessverre so var ho nok folkesky.

insekter

Insekter

Me fekk sjå spennade insekter som Gunvor hadde fanga til oss med insektsfangaren i frukttrea; blant anna bærfisen (tege). Og so fekk me smaka den kjempe gode eplejusen dei lagar der.

revane

Lunsjpause

insekt

Dagen etter turen studerte me nærmare insektene me fekk med oss frå Slinde; me holdt dei, talde beina, såg på fargane og prøvde å finna namna på dei.

teinking

Alle revane teikna etterpå eitt av insekta me hadde finne; 2 teikna frostmålar, 3 teikna bærfis og 3 teikna edderkopp.

  • Gjennom arbeidet med natur, miljø og teknikk skal barnehagen bidra til at barna lærer å observere, undre seg, eksperimentere, systematisere, beskrive og samtale om fenomen i den fysiske verda (Rammeplanen, 2011:45).
Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Tur i nærmiljøet

 

ugla

Oppdrag frå Ugla til naturvaktane.

Revane fekk eit nytt oppdrag frå Ugla då dei skulle gå lang tur og sjå husa til tre av Revane; dei skulle finna fem ulike blomster og plukka bos dei fann langs vegen. Revane var som vanleg veldig ivirige og flinke naturvakter og tok oppdraget på alvor 🙂 Dei fann blant anna blomstrane jonsokkoll, forglemmegei, marikåpe og engsmelle.

  • I arbeidet med natur, miljø og teknikk må personalet bruke nærmiljøet for at barna  skal kunne observere og lære om dyr, fiskar, fuglar, insekt og plantar (Rammeplanen, 2011:45).
tur

Flott tur.

sau

Nærkontakt med lamma.

På veg  tilbake til barnehagen stakk me innom Henjahaugane og fekk leika litt ute hjå dei. Me fekk òg nærkontakt med lamma; dei var nysgjerrige og svoltne 🙂

Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Blomstergudsteneste

kyrkja

Fredag gjekk Revane, Sjiraffane og alle Oppe til kyrkja. På vegen plukka me fine markblomster. Askedalen, Henjahaugane og Nybø bhg var inviterte til blomstergudsteneste. Me pynta kyrkja med blomster, var med å fortalde historia om skapinga og song fine songar som Kven har skapt alle blomane, Alle fugler små og Eg har to hender.

  • Gjennom arbeidet med etikk, religion og filosofi skal barnehagen bidra til at barna blir kjende med religion, etikk og filosofi som del av kultur og samfunn (Rammeplanen, 2011:47).

leik

Etterpå åt alle tre barnehagane i Skrivargarden og leika der.

  • Eit leikefellesskap legg grunnlaget for vennskap (Rammeplanen, 2011:32).
Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Tur i parken

lotto

Nokre av ungane spelte Lotto ein morgon. Dei øvde seg på å venta på tur, trekka berre eitt kort om gongen, sei kva som var på bilete og finna bilete på brettet.

  • Gjennom arbeidet med kommunikasjon, språk og tekst skal barnehagen bidra til at barna lyttar, observerer og gir respons i gjensidig samhandling med barn og vaksne (Rammeplanen, 2011:40).

parken

Ein dag tok me med oss lunsj og gjekk bort i parken ved elva. Me hoppa på trampolina, balanserte, sprang rundt, plukka løvetann og blåste frøa, klatra opp bakken og aka på rumpa ned att.

  • Gjennom arbeidet med kropp, rørsle og helse skal barnehagen bidra til at barna skaffar seg gode erfaringar med varierte og allsidige rørsler og utfordringar (Rammeplanen, 2011:42).
Posta under Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Bjørgahaug

tur

Fin tursti.

Torsdag var det tid for skulekamerattreff igjen. Alle 6-åringane frå dei tre barnehagane møttes på parkeringsplassen ved Sanden; frå  der skulle me gå til Bjørgahaug.

toppen

Flott utsikt frå Bjørgahaug!

Det var ein kjempe flott og kjekk tur på fin sti. Dei som kom først på toppen brukte 50 minutt opp og dei som kom først ned brukte 30 minutt ned.

leik

Leik

Det smakte veldig godt med nistepakke på toppen. Etterpå var det god tid til å leika både rolleleik, gøymsel og springa og hoppa frå tua til tua.

  • Uteleik og uteaktivitet er ein viktig del av barnekulturen som ein må ta vare på, uavhengig av geografiske og klimatiske forhold. Barna bør få impulsar og inspirasjon til leiken gjennom opplevingar i nærmiljøet (Rammeplanen, 2011:32).
Posta under Adeling Nede | Éin kommentar

Edderkopphuset

  • Fagområdet Natur, miljø og teknikk skal bidra til at barna blir kjende med og får forståing for planter og dyr, landskap, årstider og vêr (Rammeplanen, 2011:44).

gå

Forrige veka var sju av ungane på avdeling Oppe på tur til Edderkopphuset. Det var mange vårteikn å utforska på vegen; me såg mange sauer og lam, lukta på løvetann, smakte på surblad, kjente på det kalde vatnet og balanserte over den sildrande bekken.

tur

Kjekt og utfordrande å gå i ulent terreng.

edderkopp

Me fann ein edderkopp og eit nett i Edderkopphuset:-)

Posta under Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Fiskesprell

makrell

Sløyer makrell.

Onsdagar pleier me å ha matprosjekt; ei lita gruppa med ungar frå Nede og Oppe er att i barnehagen saman med to vaksne og lagar ulike matrettar  medan resten er på gym. Forrige onsdag var me so heldige å få besøk av to damer som ville ha Fiskesprell kurs med oss. Det vart laga makrell i tomat, seifiskepinnar og laks og grønsaker i form; mykje god mat. Til frukt laga dei kjempe god smoothie 🙂

fisk

Ungane kutter opp fisk og grønsaker.

  • Gjennom arbeidet med kropp, rørsle og helse skal barneghagen bidra til at barna får kunnskap om menneskekroppen og forståing for kor viktig det er med gode vanar og eit sunt kosthald (Rammeplanen, 2011:42).
Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Edderkopphuset

maur

Revane og 3-åringane Oppe gjekk på tur til Edderkopphuset; me skulle sjå om småkrypa hadde vakna til live.

stein

Ungane var veldig ivrige og interesserte; me løfta på steinar og fann makkar, edderkoppar, maur, skolopender og skrukketroll.

makk

Me hadde med boka Bli en naturforsker; kjekt å finna dei i boka og finna ut meir om til dømes makken.

  • Fagområdet natur, miljø og teknikk skal bidra til at barna blir kjende med og får forståing for planter og dyr, landskap, årstider og vêr (Rammeplanen, 2011:44).
pinne

Fin tur i ulendt terreng, leik i skogen og lunsj på Njøs.

 

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Vår

vår

Måndag gjekk avd. Oppe ein tur bort i parken. Me gjekk opp ein bratt bakke for å sjå, kjenna og lukta på dei fine krokusane som var kvite, lilla, gule og stripete.

  • Gjennom arbeidet med kommunikasjon, språk og tekst skal barnehagen bidra til at barna vidareutviklar omgrepsforståinga og bruker eit variert ordforråd (Rammeplanen, 2011:40).

tur

Me var òg borte ved elva og kasta stein uti. Hoppa på trampolina var veldig kjekt 🙂

  • Ved sanseinntrykk og rørsle skaffar barn seg erfaring, dugleik og kunnskap på mange område (Rammeplanen, 2011:41).
Posta under Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Skidag på Kleppa

ski

Skitur

Fredag før påske hadde heile avd. Nede + dei eldste Oppe skidag på Kleppa. Ungar og vaksne storkoste seg i snøen med skiaktivitetar, leik , skattejakt og aking 🙂

  • Gjennom arbeidet med kropp, rørsle og helse skal barnehagen bidra til at barna skaffar seg gode erfaringar med varierte og allsidige rørsler  og utfordringar. For å arbeide i retning av desse måla må personalet sørgje for god planlegging og fleksibel tilrettelegging og utnytting av det fysiske miljøet og vurdere korleis nærmiljøet kan supplere barnehageareala til ulike årstider (Rammeplanen, 2011:42).
lotto

Læring gjennom leik og fysisk aktivitet: Skiskyting – auge-handkoordinasjon. Lotto – omgrep og logisk tenking.

Me starta dagen med frileik. Då alle var komne samla me oss og delte oss i grupper. Ei gruppa gjekk ein liten skitur, andre hadde skiskyting der dei kasta ballar på blink, tredje hadde biletelotto medan fjerde hadde terningspel med spørsmål, og so rullerte me litt rundt på dei ulike stasjonane.

tal

Terningspel – talde kor mange prikkar dei fekk til saman på terningane og fann ut kva spørsmål dei skulle svara på.

  • Gjennom arbeidet med tal, rom og form skal barnehagen bidra til at barna opplever glede over å utforske  og  leike med tal og former, 
skatt

Skattejakt

  • og erfarer plassering og orientering og slik utviklar lokaliseringsevner (Rammeplanen, 2011: 49).

Til lunsj smakte det godt med pølser i brød/lompa og varm saft; det var godt med ein pause inne i skihytta. Pulverheksa hadde skrive brev til oss og laga skattekart; ho hadde ei overrasking til oss. Nokre gutar tok ansvar og viste veg medan resten av gjengen følgde spente etter..

egg

Påskeegg

Etter nokre bomturar fann dei til slutt eit stort påskeegg under eit stort tre! Pulverheksa ville ønskja oss god påske med eit påskeegg fult av godteri 🙂

sol

Kos i sola

Etter skattejakten var det tid for meir leik og aking i snøen.

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Påske

egg

Påskepynt

Før påske hadde me påskeverkstad der ivrige og kreative ungar laga flotte kyllingar og harar til å pynta med heima.

  • Gjennom arbeidet med kunst, kultur og kreativitet skal barnehagen bidra til at barna tek i bruk fantasi, kreativ tenking og skaparglede (Rammeplanen, 2011:44).
pynt

Påskepynt

 

lunsj

Påskelunsj

Ein fin tradisjon me har i Askedalen barnehage er at presten kjem på besøk og fortel forteljinga frå Bibelen om påsken og viser bilete på storskjerm. Me sang òg songane Måne og sol, Mine hender er fulle av blomar, Eg har to hender og Ein liten kylling. Presten åt god påskelunsj saman med oss.

  • Gjennom arbeidet med etikk, religion og filosofi skal barnehagen bidra til at barna får kjennskap til kristne høgtider og trasisjonar, og tradisjonar knytte til høgtider i religionar og livssyn som er representerte i barnegruppa (Rammeplanen, 2011:47).
Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Skidag for skulekameratane

hopp

Hoppar i snøen.

Skulekameratane i Leikanger hadde ein super skidag i strålande vinterver på Kleppa forrige tysdag: veldig kjekt å treffast på tvers av barnehagane.

ski

Aking og skigåing.

Me hadde med rumpeakebrett og dei fleste hadde med ski.

  • Gjennom arbeidet med kropp, rørsle og helse skal barnehagen bidra til at barna får ei positiv sjølvoppfatning gjennom kroppsleg meistring (Rammeplanen, 2011:42).
snø

Snøborg

 Ungane fann ei snøborg som hadde mange rom;  kjekt å leika i og bygga meir på.

  • Uteleik og uteaktivitetar er ein viktig del av barnekuturen som ein må ta vare på, uavhengig av geografiske og klimatiske forhold. Barna bør få impulsar og inspirasjon til leiken gjennom opplevingar i nrmiljøet (Rammeplanen, 2011:32).
treff

Samling, lunsj, gåtur.

Kvar gong skulekameratane treffast samlast me for ein namnesong eller me berre seier kva me heiter, og informerer om planane for dagen. Til lunsj åt me grilla pølser i lomper/brød. Me gjekk frå Kleppa og ned att i barnehagen. På veg ned att var det mykje spennande å sjå på og samtala om; blant anna reve- og harespor.

  • Gjennom arbeidet med kommunikasjon, språk og tekst skal barnehagen bidra til at barna lyttar, observerer og gir respons i gjensidig samhandling med barn og vaksne (Rammeplanen, 2011:40).
Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Februar

skulekameratane

Ein gong i månaden treffast skulekameratane, dei eldste frå alle tre barnehagane, for bli å litt kjent før dei skal begynna i same klasse. I februar hadde me treffet på Ingaflaten. Me kosa oss med nistepakke og varm drikka, hadde frileik i skogen og ei hinderløypa der dei skulle finna talrekka frå 1 – 20 i tillegg til ulike motoriske utfordringar.

  • Gjennom arbeidet med tal, rom og form skal barnehagen bidra til at barna opplever glede over å utforske og leike med tal og former (Rammeplanen, 2011:49).

 

mala

Avdeling Oppe malar.

Avdeling Oppe mala flotte vinterbilete til utstillinga i Saften på den fleirkulturelle dagen (dei er no utstilt på biblioteket).

  • Gjennom rike erfaringar med kunst, kultur og estetikk får barn mange høve til sansing, oppleving, eksperimentering, skapande verksemd, tenking og kommunikasjon (Rammeplanen, 2011:44).
maling

Avdeling Nede malar Katta i sekken.

 

1

Små og store hadde kledd seg ut.

I februar var høgdepunktet karnevalet; det var kjempe stas å få kle seg ut som ein i Astrid Lindgren sine historiar. Og so flott å sjå alle, både avdeling Oppe og Nede, stå på scena og framføra det dei hadde øvd på.

karn

Sjiraffane starta med å fortelja om Astrid Lindgren og viste bilete på storskjermen. Avdeling Oppe framførte songen Lille katt. Sommarfuglane dramatiserte scener frå både Emil og Pippi. Revane presenterte kva rolle dei hadde i filmen Ronja Røverdatter som hadde premiere på karnevalet.

  • Gjennom arbeidet med kommunikasjon, språk og tekst skal barnehagen bidra til at barna får eit positivt forhold til tekst og bilete som kjelde til estetiske opplevingar og kunnskapar, samtalar og som inspirasjon til fabulering og nyskaping (Rammeplanen, 2011:40).

3

Etter framføringane song me songar frå Emil og Pippi; alle ungane kunne tekstane  godt og song høgt og fint 🙂 Me åt lapskaus til lunsj og slo katta ut av sekken etterpå.

snø

Leik i snøen på Njøs.

Me har dessverre ikkje hatt so mange dagar med snø, men dei dagane me har hatt har me nytta godt 🙂 Me har gått på ski, aka, laga snømenn, skulpturar og englar.

  • Gjennom arbeidet med kropp, rørsle og helse må personalet sørgje for god planlegging og fleksibel tilrettelegging og utnytting av det fysiske miljøet og vurdere korleis nærmiljøet kan supplere barnehageareala til ulike årstider (Rammeplanen, 2011:42).
aka

Leik på Njøs.

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Januar

Me har hatt ein roleg og fin januar med mykje leik ute og inne, nokre turar i nærområdet, songsamlingar, lesestunder, gym og grupper med Astrid Lindgren om tema.

Inne

Konstruksjonsleik, rolleleik og speling.

Barn lærer og utviklar ein samansett kompetanse gjennom leiken. Ved å «late som» går barn inn i si eiga førestellingsverd, tek perspektivet til andre og gir form til tankar og kjensler (Rammeplanen, 2011:32).

 

aka

Revane på tur til Njøs og nokre gutar på aketur til parken.

snø

Alltid like stas når det endeleg kjem litt snø! Her lagar dei snøenglar og Mattisborga frå Ronja Røverdatter.

ute

Kjekt med vatn òg 😉

vatn

Hoppa i søledammar på veg til butikken er kjekt!

Uteleik og uteaktivitet er ein viktig del av barnekulturen som ein må ta vare på, uavhengig av geografiske og klimatiske forhold. Barna bør få impulsar og inspirasjon til leiken gjennom opplevingar i nærmiljøet (Rammeplanen, 2011:32).

vått

Og etter snø og regn kjem søla 🙂

 

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Innspel avslått på Januar

Lesestund og tur til Njøs

bok

Lesestund om morgonen

  • Gjennom arbeidet med kommunikasjon, språk og tekst skal barnehagen bidra til at barna lyttar, observerer og gir respons i gjensidig samhandling med barn og vaksne (Rammeplanen, 2011:40).
njøs

Super motorisk trening for dei minste; tur til Njøs, leika med traktor, sklia, klatra/rulla i bakken og leika «trollet i gulekassen».

  • Barn er kroppsleg aktive, og dei uttrykkjer seg mykje gjennom kroppen. Gjennom kroppsleg aktivitet lærer barna verda og seg sjølve å kjenne (Rammeplanen, 2011:41).
Posta under Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Lucia

tur

Fredag gjekk heile Askedalen barnehage på tur til sjukeheimen. Kjekt å sjå kor flinke til og med nokre av 1-åringane er til å gå på tur; fleire av dei gjekk deler av vegen.

lucia

Me hadde med oss lussekattar som ungane delte ut på sjukeheimen, me gjekk i luciatog og song luciasongen. Sjiraffane song òg nokre julesongar.

  • I arbeidet med etikk, religion og filosofi  må personalet la den kristne kulturarven komme til uttrykk mellom anna gjennom høgtidsmarkeringar (Rammeplanen, 2011:47).
Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Skulekameratane

bos

Sjiraffane har blitt inspirerte av Revane som er naturvakter 😉 Dei fann sjølve ut at dei ville plukka bos langs vegen og var  kjempe ivrige.

skogen

Første torsdagen i kvar månad treffast dei eldste barna frå alle tre barnehagane for å bli litt kjende før dei skal byrja på skulen saman. Denna gongen møttes dei i Hundremeterskogen. Dei leika først litt der, før me gjekk saman til ungdomskulen. Me åt nista vår der, og etterpå gymma me. Dei leika Hauk og due, Haien kommer, balanserte, klatra og hoppa, kasta erteposar og tok situps.

gym

  • Gjennom arbeidet med kropp, rørsle og helse skal barnehagen bidra til at barna skaffar seg gode erfaringar med varierte og allsidige rørsler og utfordringar (Rammeplanen, 2011:42).

 

Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Lokalt utviklingsarbeid (LUA)

Posteroppsett mal - HISFEMILIE

Posta under Adeling Nede, Vedtekter | Kommenter innlegget

Njøsadalen

mat

Laga skattekista som dei skulle ha til lunsj.

  • Personalet må leggje til rette for meiningsfulle opplevingar  og skape tid og rom for bruk av nonverbalt og verbalt språk i kvardagsaktivitetar og leik og i meir tilrettelagde situasjonar (Rammeplanen, 2011:41).
spor

Revane fekk to nye oppdrag frå Ugla; dei skulle sjå etter spor frå dyr i skogen og dei skulle samla kongler. Revane fann dinosaur- og isbjørnspor 😉

tur

Det var kjempe kjekt å komma opp til snøen i Njøsadalen 🙂

  • Gjennom arbeidet med kropp, rørsle og helse skal barnehagen bidra til at barna får gode erfaringar med friluftsliv og uteliv til ulike årstider (Rammeplanen, 2011:42).
bål

Me fann ein koseleg liten plass i skogen der me laga bål og varma skattekistene våre. Det smakte kjempe godt med varm mat.

snø

Revane syns det var kjekt å aka ned og klatra opp att små bakkar dei fann i skogen. Etter leik i snøen smakte det godt med varm kakao før me gjekk ned att.

  • Gjennom arbeidet  med kropp, rørsle og helse skal barnehagen bidra til  at barna skaffar seg gode erfaringar med varierte og allsidige rørsler og utfordringar (rammeplanen, 2011:42).
Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Kreativitet

baka

Maling og baking

  • Gjennom rike erfaringar med kunst, kultur og estetikk får barn mange høve til sansing, oppleving, eksperimentering, skapande verksemd, tenking og kommunikasjon (Rammeplanen, 2011:44).
snø

Første snødagen 🙂 

Posta under Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Fleirkulturell dag

yoga

Sommarfuglane og Revane fekk høyra forteljinga om Buddha og såg på nokre kunstbilete. Etterpå hadde me tre rolege aktivitetar; yoga, massasje og fargelegging av Mandala.

  • Gjennom arbeidet med etikk, religion og filosofi skal barnehagen bidra til at barna blir kjende med religion, etikk og filosofi som del av kultur og samfunn. Personalet må skape interesse for og bidra til forståing og toleranse for forskjellige kulturar og ulike måtar å leve på (Rammeplanen, 2011:47).

mat

Til lunsj åt me nan og kjempegod kyllinggryta med ris til.

Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Tur til Vangsnes

bhg

I samband med fagnettverket Natur, miljø og teknikk vart Sjiraff-gruppa invitert til å besøka Vangsnes barnehage tysdag 17.november.

tur

Vangsnes barnehage har eit flott turområde og ville syna oss leirplassen sin. Det var veldig kjekt å gå tur i skogen og bli utfordra i ulendt og bratt terrreng.

  • Variert fysisk aktivitet både inne og ute har svært mykje å seie for utviklinga av motorisk dugleik og kroppskontroll (Rammeplanen, 2011:41).
sag

Bygga med tømmer og saga var populære aktivitetar som dei samarbeida godt i på tvers av barnehagane.

  • Gjennom arbeidet med natur, miljø og teknikk skal barnehagen bidra til at barna erfarer korleis teknikk kan brukast i leiken og kvardagslivet (Rammeplanen, 2011:45).

skog

Det vart laga varm lunsj på bål og det vart tid til mykje leik i skogen.

Stavangersuppe med currypaste til 12-14 personer

  • Ca. 2 kg. kyllingfilet i biter (stekes, saltes og pepres på forhånd)
  • 6 store gule løk
  • 10-12 små charlottløk eller småløk
  • 7-9 kvitløksfedd
  • 3 ss med rød currypaste
  • 2 bokser hermetiske tomater
  • 3 ss oregano (smak til)
  • 3 ss basilikum (smak til)
  • 9 dl kremfløte
  • Tilpass vannmengde
  • 3 bokser hermetiske fersken i biter
  • Godt med meierismør til steiking

film

Det var godt å komma inn og varma seg litt før heimreisa. Me fekk kjempe god eplekaka, såg film og fekk omvisning i barnehagen.

Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Studentarbeid: demokrati

En av mine oppgaver i praksis var å gjennomføre et lokalt utviklingsarbeid i barnehagen. Jeg valgte tema demokrati, med fokus på nærmiljø og samfunn. De eldste barna var med på dette lokale utviklingsarbeidet.

Gjennom flere samlinger hadde vi samtaler om temaet demokrati. Vi snakket om blant annet hvem som bestemmer i Norge, kongen sin rolle og Norges lover.

  • Lytter, observerer og gir respons i gjensidig samhandling med barn og voksne (Rammeplanen, 2011:40).

Demokrati på tavlen

Som grunnlag for videre arbeid med temaet brukte jeg historien om dyrene i Hakkebakeskogen som hadde møte i skogen .

ill.-thorbjorn-egner-987-x-660

  • Bruke litteratur og medienes muligheter for å utvide og utdype barns erfaringer og læring (Rammeplanen, 2011:48).

 

Vi besøkte Fylkeshuset; der fikk vi møte ordføreren og fikk omvisning i fylkesarkivet. Vi fikk også besøke fylkesordføreren og høre om hvilke ansvar og oppgaver ho har.

besøk

  • Gi barna anledning til meningsfylte møter med personer, arbeidsplasser og institusjoner i barnehagens nærmiljø og sørge for at barna får bearbeide og utdype sine oppleveleser (Rammeplanen, 2011:48).

Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Motorikk

Finmotorikk

I barnehagen driver me kvar dag med mange ulike fin- og grovmotorikske aktivitetar både gjennom leik og vaksenstyrte aktivitetar.

leik

Hinderløypa

  • Gjennom arbeidet med kropp, helse og rørsle skal barnehagen bidra til at barna vidareutviklar kroppskontrollen, grovmotorikken, finmotorikken, rytmen og den motoriske kjensleevna (Rammeplanen, 2011:42)

Klatring

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Reven og høna

IMG_1366

Ein morgon sat nokre ungar saman med to vaksne og leika med plastelina. Den eine vaksne hadde sin andre dag med språkpraksis i barnehagen vår. Det var ei fin stund der dei brukte konkretar til å kommunsisera og sette ord på det dei laga; på bilete ser me blant anna reven som lusker på høna.

  • Gjennom arbeidet med kunst, kultur og kreativitet skal barnehagen bidra til at barna opplever at kunst, kultur og estetikk bidreg til nærleik og forståing (Rammeplanen, 2011:44).
Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Plask, plask :-)

plask

Det er kjekt med nokre regnversdagar innimellom, so me får plaska i søledammar!

elv

Spennande å lista seg over brua over den store fossen; me ville ikkje vekka trollet…

dam

  • Leiken til små barn er tett knytt til den særeigne humoren deira. Hos dei yngste barna har humoren først og fremst ein kroppsleg basis og blir vesentleg utvikla gjennom samhandling barna imellom (Rammeplanen, 2011:32).
Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Pilavika

ugla

Torsdag tok Revane, Sommarfuglane og 3 ungar frå avd. Oppe turen til Pilavika.  Revane, som er naturvakter, fekk i oppdrag frå Ugla å samla ting frå naturen som dei kunne ta med tilbake til barnehagen og laga noko av det. Ungane foreslo at dei kunne laga ugler. Dei samla òg bos som me tok med tilbake og kasta.

mat

Ungane var òg med å laga pagodebål og blomkålsuppe.

fisk

Alle ungane fekk vera med ut i robåten og fiska; me fekk til og med ein liten fisk 🙂

  • Gjennom arbeidet med etikk, religion og filosofi må personalet skape rom for opplevingar, undring, ettertanke og gode samtalar (Rammeplanen, 2011:47).

pilavika

Det var ein nydeleg haustdag ved og utpå fjorden.

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Utedag på Njøs

mat

Onsdag hadde avdeling nede ein flott dag på Njøs 🙂 Ungane var med å laga eit tre-rettars måltid på bål. Dei delte opp pølser til lapskausen, laga rundstykker, grilla pinnebrød og laga plommegraut til dessert.

lunsj

  • Gjennom arbeidet med kropp, rørsle og helse skal barnehagen bidra til at barna får gode erfaringar med friluftsliv og uteliv til ulike årstider (Rammeplanen, 2011:42).
Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Litt frå veka som var :-)

Maling

1-åringane mala inni glas; dei tok maling inni, skrudde på lokk og so rulla og rista dei på glasa.

  • Gjennom rike erfaringar med kunst, kultur og estetikk får barn mange høve til sansing, oppleving, eksperimentering, skapande verksemd, tenking og kommunikasjon (Rammeplanen, 2011:42).
Musikk

Ukulele-kameratane:-D

Leik

Shopping, inne- og uteleik.

  • Barnehagen skal gi barna muligheter for lek, livsutfoldelse og meningsfylte opplevelser og aktiviteter (Barnehageloven).
Sjukeheimen

På besøk til sjukeheimen.

Fisketur

Fisketur; alle kosa seg, fekk prøva å fiska med stang og dei fekk til og med ein liten makrell.

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Ved fjorden

bading

Bading

Tysdag var nokre sjiraffgutar og alle revane på tur til Pilavika. Dei fanga krabbe, samla steinar og hadde vasskrig.

tur

På tur til båthavna.

Torsdag var alle sjiraffane på tur til båthavna. Alle fekk vera med ein liten tur i robåten til Jakt- og fiskelaget. Dei fekk òg prøva å fiska.

IMAG5406

Avd. Oppe på tur til båthavna.

båt

Båt og fisking

sjøen

Avd. Nede på tur til Pilavika.

Fredag tok heile avd. Nede turen til Pilavika. Me markerte alle bursdagsbarna denna veka med kjempe god taco til lunsj i Pilavika.

leik

Leik i Pilavika.

Me kosa oss med leik, utforsking og vasskrig 🙂

  • Felles opplevingar og aktivitetar gir eit unikt høve til kommunikasjon mellom barn (Rammeplanen, 2011:35).
ting

Mykje spennande i fjæra.

Me fann blåskjell, levande krabbe, dø krabbe, eit fiskehode, masse tanglopper, steinar, slipte glasbrot, pinnar og rekved.

  • Barn er nysgjerrige, kunnskapstørste og lærelystne. Det skal barnehagen støtte opp under og slik gi eit godt grunnlag for livslang læring og danning. Barn kan lære gjennom alt dei oppleveer og erfarer på alle område (Rammeplanen, 2011:33).
fisking

Makrell

Nokre av sjiraffane fekk vera med å ro til Pilavika og nokre var med å rodde tilbake til båthavna. Då me rodde tilbake fekk me ein flott makrell. Det vart ein flott avslutning på ei super veka!

IMAG5454

Smakte godt med steikt makrell!

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Baking

baking

I dag har nokre av ungane på avd. Oppe vore med å baka rundstykker og eplepizza. Det er mykje sansing og finmotorikk i det å baka, Dei har kjent på den mjuke deigen, dei harda frøa, lukta på kanel, smakt på rosiner og epler med kanel. Dei var ivrige på å hjelpa til med å trilla ut rundstykker, pensla dei med egg og strø på frø. Ungane var òg flinke til å dela opp eplene, strø på kanel og ta eplebitane og rosinene på pizzadeigen. Det smakte godt med nysteikte rundstykker, eplepizza og varm kakao til lunsj.

  • I arbeidet med kropp, rørsle og helse må personalet organisere kvardagen slik at det er ei gjennomtenkt veksling mellom periodar med ro, aktivitet og måltid, og bidra til at barna kan lære gode vanar og haldningar og få kunnskap om kost, hygiene, aktivitet og kvile (Rammeplanen, 2011:42).
Posta under Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Jakt- og fiskedag i Nybøstrondi

Måndag var halve sjiraffgruppa ute med båt og sette garn. Tysdag reiste den andre halve sjiraffgruppa ut med båt og tok opp att garna, og so møttes alle i Nybøstrondi. Det er ein tradisjon at dei eldste ungane i alle tre barnehagane i Leikanger har ein fiskedag i Nybøstrondi saman med Jakt- og fiskelaget om hausten. Det var ein kjempe fin og opplevingsrik dag.

  • Gjennom arbeidet med nærmiljø og samfunn må personalet bruke ressursane i nærmiljøet til gode opplevingar og læring som er tilpassa føresetnadene og interessene til barna (…) (Rammeplanen, 2011, 48).

1

Spanande å ha nærkontakt med fisk, fiskeegg, hai, blekksprut, sjøstjerne, kråkeboller, krabber og hummer.

f

 

k

 Det var interessant å utforska alt me fekk i garna, og læra meir om nokre av dei ved å lesa i boka Livet i fjæra. Me fann blant anna  ut at forskjellen på hokrabbe og hankrabbe er at hokrabben har ein brei hale på undersida, medan hankrabben har ein smal hale. Og so fann me ut at kråkebollene har munn med skarpe tenner på undersida.

IMG_0557

  • Personalet må bruke litteratur og media for å utvide og utdjupe erfaringane og læringa til barna (Rammeplanen, 2011:48).

 

2

  • Gjennom arbeidet med natur, miljø og teknikk må personalet bruke nærmiljøet for at barna skal kunne observere og lære om dyr, fiskar, fuglar, insekt og plantar (Rammeplanen, 2011:45).

h

Askedalen barnehage fekk to haiar i det første garnet dei trakk opp! Etter å ha studert dei ei stund i bassenget vart dei sleppt ut att i fjorden, og me kunne sjå dei symja avgårde.


ma

 Til lunsj smakte me grilla makrell og blekksprut, og kokt krabbe.

Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Spel

spel

Det er mange som likar godt å spela ulike spel som Lotto og pusla puslespel. Aktiviteten fremmar konsentrasjon, turtaking og det å sjå samanhengar.

  • Gjennom arbeidet med tal, rom og form må personalet sørgje for at barna har tilgang til og tek i bruk ulike typar spel, teknologi, teljemateriell, klossar, leikar og formingsmateriell, og tilby materiell som gir barna erfaring med klassifisering, ordning, sortering og samanlikning (Rammeplanen, 2011:49).
Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Tur til Hundremeterskogen

brumm

Tysdag gjekk Sommarfuglane på tur til Hundremeterskogen. Me fekk selskap av avd. Oppe på turen frå barnehagen til skogen. Sommarfuglane syns det var spennande å sjekka postkassene og husa til Ole Brumm og vennene.

skog

Me åt lunsj og las ei bok om Ole Brumm før me gjekk tilbake til barnehagen.

  • Gjennom arbeidet med kommunikasjon, språk og tekst skal barnehagen bidra til at barna får eit positivt forhold til tekst og bilete som kjelde til estetiske opplevingar og kunnskapar, samtalar og som inspirasjon til fabulering og nyskaping (Rammeplanen, 2011:40).
Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Lappar til lunsj på Njøs

baka

4 flinke bakara som laga lapperøra. Me fann oppskrift på internett, fann fram alle ingrediensane, talde, målte opp, tømte oppi, delte egg og rørte.

  • Gjennom arbeidet med kommunikasjon, språk og tekst skal barnehagen bidra til at barna vidareutviklar omgrepsforståinga og bruker eit variert ordforråd (Rammeplanen, 2011:40).

bål

Det smakte ekstra godt med lappar som var steikte på bålet.

leik

  • I arbeidet med natur, miljø og teknikk må personalet inkludere friluftsaktivitetar og uteleik i barnehagekvardagen (Rammeplanen, 2011:45).
Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Kunstutstilling

parken

Onsdag gjekk både avdeling Oppe og Nede på tur til parken ved Saften. Der vart det hopping på trampolina, balansering, sisten og bjørnen sover.

  • Gjennom arbeidet  med kropp, rørsle og helse må personalet sørgje for god planlegging og fleksibel tilrettelegging og utnytting av det fysiske miljøet og vurdere korleis nærmiljøet  kan supplere barnehageareala til ulike årstider (Rammeplanen, 2011:42).

kunst

Me gjekk i små grupper og såg på kunstutstillinga til Anna Njøs og bøkene til Odd Njøs i Gamlehotellet. Det var mange flotte bilete som me snakka om.

  • Gjennom arbeidet med kunst, kultur og kreativitet må personalet sørgje for at barn opplever lokale, nasjonale og internasjonale kunst- og kulturuttrykk, og at dei får møte kunstnarar (Rammeplanen, 2011:44).


spel

Ungane syns òg det var spanande å sjå på eit gamalt kronespel som stod i der.

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Uglas smuldredessert

bok

Sommarfuglane skal ha Ole Brumm som tema i år; utifrå det skal dei arbeida med fargar, årstider, tal, laga mat og gå turar. Tysdag starta me med å snakka om Ole Brumm og vennene, og so las me boka Hvor er honningen?

baka

Etterpå gjekk  me ut i hagen og plukka epler. So gjekk me inn og laga Uglas smuldredessert. Ungane delte opp eplene, blanda epler og kanel, blanda smør og havreryn og tok deigen oppå eplene. Me brukte honning i staden for sukker, og måtte soklart smaka på den:-)


pai

Gjennom arbeidet med kommunikasjon, språk og tekst skal barnehagen bidra til at barna får eit positivt forhold til tekst og bilete som kjelde til estetiske opplevingar og kunnskapar, samtalar og som inspirasjon til fabulering og nyskaping (Rammeplanen, 2011:40).

Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Gullhår og dei tre bjørnane

Fredag inviterte avdeling Oppe avdeling Nede til teaterframsyning av eventyret Gullhår og dei tre bjørnane; det var stor stas 🙂

EventyrGullhår 001

EventyrGullhår 005

EventyrGullhår 008

 

EventyrGullhår 014

EventyrGullhår 007

EventyrGullhår 011

Gjennom arbeidet med kunst, kultur og kreativitet skal barnehagen bidra til at barna lærer å lytte, observere og uttrykkje seg gjennom allsidige møte med kultur, kreativitet og estetikk (Rammeplanen, 2011:44).

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Eplechips

eplechips

eplechips

Ungane fekk vera med å sjå på, hjelpa til og smaka . Eplechipsa vart veldig gode.

eplechips

Gjennom arbeidet med kommunikasjon, språk og tekst skal barnehagen bidra til at barna vidareutviklar omgrepsforståinga og bruker eit variert ordforråd ved at personalet legg til rette for meiningsfulle opplevingar og skape tid og rom for bruk av nonverbalt og verbalt  språk i kvardagsaktivitetar, leik og i meir tilrettelagde situasjonar (Rammeplanen, 2011:40-41).

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Tur i nærområdet

utpåturTRAFIKK

Ungane likar godt å vera på tur, og dei er flinke til å gå.

img_1429

Gjennom arbeidet med nærmiljø og samfunn skal barnehagen bidra til at barna blir kjende med og deltek i samfunnet gjennom opplevingar og erfaringar i nærmiljøet (Rammeplanen, 2011:48).

utpåturTRAFIKK2 utpåturTRAFIKK1

Posta under Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Leik

Det har vore ein fin oppstart av nytt barnehageår med mykje fin leik.

leikegrupperRolleleik

Ved å late som går barn inn i si eige førestellingsverd, tek perspektivet til andre og gir form til tankar og kjensler (Rammeplanen, 2011:32).

leikegrupper

Personalet må vere tilgjengeleg for barn ved å støtte, inspirere og oppmuntre i leiken (Rammeplanen, 2011:32).


leikegrupper

Eit leikefellesskap legg grunnlaget for vennskap (Rammeplanen, 2011:32).

leikegrupperSamarbeid


leikNede2

Posta under Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Massasje

a

Forrige barnehageår hadde me innimellom massasjegrupper, og dette vil me fortsetta med og prøva å få til litt oftare i arbeidet med fagområdet etikk, religion og filosofi og kropp, rørsle og helse. Ungane likar det veldig godt. Dei blir tryggare på kvarandre og lærer seg både å gi og ta i mot omsorg, samtidig som dei slappar godt av og får strekt ut kroppen.

  • Godt kosthald og god veksling mellom aktivitet og kvile er viktig for å utvikle ein sunn kropp (Rammeplanen, 2011:41).
Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Pilavika

v

 Sommarfuglane gjekk på tur til Pilavika og storkosa seg der ein nydeleg seinsommardag.

s

 Dei leika med vatn, hadde vasskrig, klatra på svaberg og balanserte på glatte steinar, leita etter spanande ting i fjøra og plukka nyper.

k

  • Gjennom arbeidet med natur, miljø og teknikk skal barnehagen bidra til at barna lærer å observere, undre seg, eksperimentere, systematisere, beskrive og samtale om fenomen i den fysiske verda (Rammeplanen, 2011:45).
Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Njøs

r

Me hadde ein flott utedag på Njøs, Ungane klatra i tre og på fjell, leika rolleleik og hjalp til å rydda gras og laga bål.

l

 

p

Tre jenter som laga pepperkaker 🙂

t Det smakte godt med tomatsuppe til lunsj.

  • Gjennom arbeidet med kropp, rørsle og helse skal barnehagen bidra til at barna utviklar glede over å bruke naturen til utforsking og kroppslege utfordringar og får forståing av korleis ein bruker og samtidig tek vare på miljøet og naturen (Rammeplanen, 2011:42).
Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Malingsaktivitet

Me las boka om fargemysteriet der Ole Brumm og vennene malar med gul, blå og raud, og so oppdagar dei lilla, oransje og grøne fotspor. Detta ville me òg utforska og fann fram malesaker.

f

Me brukte primærfargane gul, raud og blå, og ungane blanda fargane so det vart ulike lilla-, oransje-, grøn- og brunfargar.

m

Det vart mange flotte og faregerike maleri.

  • Gjennom rike erfaringar med kunst, kultur og estetikk får barn mange høve til sansing, oppleving, eksperimentering, skapande verksemd, tenking og kommunikasjon (Rammeplanen, 2011:44).
Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Fiskedag i Pilavika

leik

Forrige onsdag hadde dei eldste ungane i Askedalen, Nybø og Henjahaugane barnehage ein flott dag i Pilavika saman med Jakt- og fiskelaget. Alle ungane fekk prøva å fiska og alle fekk kvar si fiskestang

 

ting

Mykje spanande å utforska.


mat

Kjekt å sjå på sløying av fisk.

regn

Fiskesuppe smakte godt til lunsj.

Medan me åt vart det mørkare og mørkare på himmelen, det byrja å lyna og tordna, regna og blåsa; det vart ein spanande avslutning på dagen.

  • Fagområdet natur, miljø og teknikk skal bidra til at barna blir kjende med og får forståing for planter, dyr, landskap, årstider og vêr (Rammeplanen, 2011:45).

GOD SOMMAR!

                                         

Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Utgravingar

gaving

Me har teke eit par turar bort og sett på utgravingane på Hermansverk med dei ungane som har vore interesserte. Arkeologane har teke oss godt i mot og teke seg tid til å snakka med oss, svara på spørsmål og forklart kva dei gjere og kva dei har finne ut. Dei har funne restar etter stolpar der det meinar det har stått hus i sein bronsealder/tidleg jernalder.

  • Gjennom arbeidet med nærmiljø og samfunn skal barnehagen bidra til at barna blir kjende med nokre historiske endringar i lokalmiljøet (Rammeplanen, 2011:48).
Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Måseunge

måse

Forrige veka høyrde me nokre rare pipelydar frå ventilasjonsrøyret i taket på kjøkenet, og såg noko bevega seg i ein liten sprekk… Me trudde kanskje det var ei flaggermus; det var veldig spennande! Etter ei stund fekk me hjelp av ein veldig snill og hyggeleg mann som fekk tak i den:-) Det viste seg at det var ei liten måseunge som var veldig slapp etter å ha sitte fast ei stund. Den fekk litt vatn og fisk, og vart lagt tilbake i reiret på taket.

Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Revane på tur til SIMAS

Bos

Som ein del av arbeidet i  barnehagen med fagområdet , natur, miljø og teknikk tok me kontakt med Simas, for å høyra om me kunne komma på besøk. Me ville sjå kva som skjedde med boset som me sorterar. Det fekk me, og det vart  ein fantastisk dag.  Etter ei økt inne fekk me omvisning i kompostanlegget, der me fekk sjå at  matavfallet vart omgjordt til matjord, og i papir og plasthallen. Me var 9 ungar som tilsaman vog 180 kg. Det fekk me bekrefta då me vog oss på vekta som bossbilane veg seg på.

mat

Me såg «simasfilmen» og me  fekk helsa på « simasbamsen «, som egentlig skulle kastast men som vart teken imot og gjenbrukt i Festingedalen.

Sortering

Sortering av boset etter lunsj.

Så vart me overraska av eit frykteleg tordenvêr og me vart ståande vêrfast i plasthallen. Me vart til slutt henta og køyrde oppatt til bilane våre. Flott service.

ISMe avslutta dagen med is på kafe.

Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Blomstergudsteneste

I går tok alle i Askedalen barnehage turen til kyrkja; me var invitert til blomstergudsteneste saman med Nybø og Henjahaugane bhg. Presten Egon ønskja å pynta kyrkja med vakre markblomster; so på vegen til kyrkja plukka me mange ulike blomster i ulike fargar.

  • I arbeidet med natur, miljø og teknikk må personalet bruke nærmiljøet for at barna skal kunne observere og lære om dyr, fiskar, fuglar,insekt og plantar (Rammeplanen, 2011:45).

Blomster

Blomar

Kyrkja

kirka

Alle ungane følgde godt med og me song Alle fugler små, Blomster små, Eg har to hender, Kven har skapt alle blomane og Eg går og samlar solskin. Me fekk høyra gitar-, fløyte- og orgelspel. Det var ei fin stund i kyrkja.

  • Gjennom arbeidet med etikk, religion og filosofi skal barnehagen bidra til at barna blir kjende med religion, etikk og filosofi som del av kultur og samfunn (Rammeplanen, 2011:47).

ute

Etterpå åt me nista vår i prestehagen, og leika litt før me gjekk tilbake til barnehagen.

Tre

Det var eit veldig stort tre i hagen som me målte kor mange ungar som måtte halda i hendene for å nå rundt det; det var 19. Og so undra me oss over kor høgt treet er; nokon meinte det måtte vera 100 meter, og me trur ikkje me var nok ungar til å nå toppen om me stod oppå kvarandre;-)

  • I arbeidet med tal, rom og form må personalet resonnere og undre seg saman med barna om likskapar, ulikskapar, storleikar og tal og stimulere evna til å bruke språket som reiskap for logisk tenking (Rammeplanen, 2011:49).

Leik

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Spel

Spel

  • Barn er nysgjerrige, kunnskapstørste og lærelystne (Rammeplanen, 2011:33).
  • Gjennom arbeidet med kommunikasjon, språk og tekst skal barnehagen bidra til at barna lyttar, observerer og gir respons i gjensidig samhandling med barn og vaksne, vidareutviklar omgrepsforståinga og bruker eit variert ordforråd (Rammeplanen, 2011:40).

Alias er eit veldig lærerikt og kjekt spel. To og to er på lag, den eine skal forklara bilete utan å bruka det rette ordet og so skal den ander gjetta kva ordet er, og so byttar dei rolle i neste runde.

Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Tur til Aneflaten

Båt

  • Uteleik og uteaktivitet er ein viktig del av barnekulturen som ein må ta vare på, uavhengig av geografiske og klimatiske forhold. Barna bør få impulsar og inspirasjon til leiken gjennom opplevingar i nærmiljøet (Rammeplanen, 2011:32).

 

Hytta

Bygga hytta er kjekt 🙂

Leik

Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Tur i nærmiljøet

Coop

Tysdag gjekk på på tur til Coop Byggmix for å kjøpa eit kubein.

  • Gjennom arbeidet med nærmiljø og samfunn skal barnehagen bidra til at barna blir kjende med og deltek i samfunnet gjennom opplevingar og erfaringar i nærmiljøet (Rammeplanen, 2011:48).

Parken

Etterpå gjekk me bort i parken. Der leika me sisten, balanserte, hoppa på trampolina og kasta stein i elva.

mat

Til lunsj laga me pizza:-)

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

17. mai pynt

17.mai

Nokre av ungane oppe og nede lagde 17. mai- roser av pappfat. Først mala dei med rødt, kvitt og blått, so klypte dei ut ein sirkel og nokre fekk til å klyppa ut ein spiral, men mange måtte ha litt hjelp til det og til å forma rosa. Kjekt å prøva ein ny teknikk.

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Pilavika

Pilavika

  • Personalet må sørgje for god planlegging og fleksibel tilrettelegging og utnytting av det fysiske miljøet og vurdere korleis nærmiljøet kan supplere barnehageareala til ulike årstider (Rammeplanen, 2011:42).
Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Fredag – Kleppaveka


Hinderløypa

Fredag hadde me hinderløypa på Kleppa. Ungane kasta stein på blink, sprang sikk-sakk, balanserte, krøyp, klatra og hoppa.

Løypa

  • Gjennom arbeidet med kropp, rørsle og helse skal barnehagen bidra til at barna skaffar seg gode erfaringar med varierte og allsidige rørsler og utfordringar (Rammeplanene, 2011:42).

pølser

 

Maur

Me måtte sjekka insektfellene våre, og i sirupboksen var det masse maur, to sneglar og ein edderkopp:-) Det var spennande å sjå på mauren som levde og greidde å komma seg ut av sirupen når me tok han ut av boksen.

Salat

 

UteleikLeik på Kleppa.

Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Torsdag – Kleppaveka

Rebus

På torsdag hadde me rebusløp på Kleppa. Ungane vart delt i fire grupper og so sprang dei til kvar sin post. Der fann dei ein pose med rosa, blå og gule papirlappar med bokstavar på; desse bokstavane skulle dei setta saman til tre ulike ord. Orda var kongle, stein og pinne. Etterpå skulle dei finna desse tinga, og so springa tilbake til start med dei.

Rebusløp

  • Gjennom arbeidet med kommunikasjon, språk og tekst skal barnehagen bidra til at barna lyttar til lydar og rytme i språket og blir fortrulege med symbol som tal og bokstavar (Rammeplanen, 2011:41).

Smørbrød

Tre flinke kjøkkenassistentar.

FruktTil fruktstunda fekk ungane smaka steikt banan med sjokolade i, sjokoladekaka i appelsin og bakt eple fylt med marsipan, smør, brunt sukker, rosiner og valnøtter.

Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Onsdag – Kleppaveka

Kleppa

Det vart veldig populært å klatra opp fjellveggen og skli ned att; tøffe og flinke ungar.

Fjell

  • Gjennom arbeidet med kropp, rørsle og helse skal barnehagen bidra til at barna skaffar seg gode erfaringar med varierte og allsidige rørsler og utfordringar (Rammeplanen, 2011:42).

Klatra

 

Tur

Tur til Frækaland.

Sirupfella

Me laga insektfeller med sirup i (og so måtte me soklart smaka litt på sirupen;-).

  • Personalet må ta utgangspunkt i nyfikna, interessene og føresetnadene til barna og stimulere dei til å oppleve med alle sansar, observere og undre seg over fenomen i naturen og teknologien (Rammeplanen, 2011:45).

Insekt

 

MatOnsdag stod det skattekista på menyen; og sidan det hadde regna dagen før fekk me lov til å bruka bålpanna vår. Det var veldig godt med grønsaker og fiskekaker bakt i folie med smør og ost.
Skattekista


Leik

Alltid kjekt å leika med gjørma og vatn 😉

Lesa

  • Personalet må skape eit miljø der barn og vaksne dagleg opplever spenning og glede ved høgtlesing, forteljing, song og samtale, og vere bevisste på kva etiske, estetiske og kulturelle verdiar som blir formidla (Rammeplanen, 2011:41).

Fløyta

  • Gjennom arbeidet med natur, miljø og teknikk skal barnehagen bidra til at barna erfarer korleis teknikk kan brukast i leiken og kvardagslivet (Rammeplanen, 2011:45).
Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Tysdag – Kleppaveka

Hytta

Me er so heldige at me har fått låna Jakt- og fiskelaget si hytta på Kleppa denna veka. Der et ungane frukost, og so har me litt rolege aktivitetar som brettspel og teikning før me går ut.

Lunsj

Tysdag var me so heldige at Hans Christian som er kokk laga god mat til oss. På menyen stod det potetsuppa og brød med heimelaga kryddersmør.

Naturvev

Naturvev

Vev

  • Gjennom arbeidet med kunst, kultur og kreativitet må personalet oppmuntre og stimmulere barna til å sjå på estetiske fenomen og detaljar i møte med natur og fysisk miljø (…) (Rammeplanen, 2011:44).

Froskedammen

Tur til Froskedammen.

Hov

rumpetroll

Maur, egg, rumpetroll, håv.

  • Gjennom arbeidet med natur, miljø og teknikk skal barnehagen bruka nærmiljøet for at barna skal kunne observere og lære om dyr, fiskar, fuglar, insekt og plantar (Rammeplanen, 2011:45).
Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Måndag – Kleppaveka

Kleppaveka

Naturopplevingar og god, sunn mat er ein viktig del av Kleppaveka. Måndag var det fiskeburger som stod på menyen.

  • Godt kosthald og god veksling mellom aktivitet og kvile er viktig for å utvikle ein sunn kropp. Variert fysisk aktivitet både inne og ute har svært mykje å seie for utviklinga av motorisk dugleik og kroppskontroll. Aktiv bruk av natur og nærmiljø gir mange moglegheiter (Rammeplanen, 2011:41).

 

leirduer

Det var spennande å gå på jakt etter heile leirduer.

Maling

Kjekt å sitta ute å mala på steinar.

Steinmaling

 

Klatring

Naturen gir gode moglegheitar for meistring og utfordringar.

SpikkingSpikking er ein populær aktivitet.

Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Maling

Maling

Tysdag fekk nokre av ungane mala med primærfargane. Dei brukte både pensel, hendene og isopor til å mala med, og blanda ulike fargar.

  • Gjennom rike erfaringar med kunst, kultur og estetikk får barn mange høve til sansing, oppleving, eksperimentering, skapande verksemd, tenking og kommunikasjon (Rammeplanen, 2011, 42).
Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Så frø

Frø

Før påske snakka me litt om vår og nytt liv, og Revane sådde frø.

Alle har følgd spent med på om det har byrja å spira.

Så

 

så frø

Etter påske har me fortset arbeidet ute. Me har laga til ein grønsakshage, og ungane er ivrige hjelpera. Dei graver i jorda, sår frø og vatnar. Det er spanande å sjå på makkane i jorda, og me snakka om at me må vera snille me makkane fordi dei gjere jorda porøs og god for grønsakene våre.

arbeida

Ungane syns òg det er kjekt å hjelpa til med å samla saman løv og køyra det vekk.

  • Gjennom arbeidet med fagområdet Natur, miljø og teknikk skal barna få ein kjærleik til naturen og forståing for samspelet i naturen og mellom mennesket og naturen (Rammeplanen, 2011, 45).
Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

God påske!

Kyllingar

påske

Det vart mange fine påskekyllingar.

Påskepynt

  • Gjennom rike erfaringar med kunst, kultur og estetikk får barn mange høve til sansing, oppleving, eksperimentering, skapande verksemd, tenking og kommunikasjon (Rammeplanen, 2011:44).
Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Rolleleik

Frisør

Her er eg hjå frisøren. Først fekk eg velga ein frisyre frå ei bok, so blanda dei ut fargen før dei tok fargen i håret mitt; eg vart veldig fin 😉

  • Ved å «late som» går barn inn i si eiga førestillingsverd, tek perspektivet til andre og gir form til tankar og kjensler (Rammeplanen, 2011:32).
Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Kolstiftar på Njøs

 Ein dag me hadde fokus på fagområdet Natur, miljø og teknikk gjekk heile avdelinga opp til Njøs; me tok med oss nista og utstyr til å laga kolstiftar med.

Spikking

Dei som ville fekk klyppa av greiner frå løvtre og spikka av barken på kvar sin kvist.

  • Gjennom arbeidet med natur, miljø og teknikk skal barnehagen bidra til at barna erfarer korleis teknikk kan brukast i leiken og kvardagslivet (Rammeplanen, 2011:45).

Kol

Me sette kvistane tett i tett oppi ein liten hermetikkboks, tetta med aluminumsfolie og sette boksen i bålet. Etter ca. 30 minutt var kvistane vorte til kolstiftar.

Teikne

Alle som ville fekk prøva å teikna med kolstiftane; dei syns det var kjekt å prøva ein ny teknikk.

  • Personalet må sørgje for at barna har tilgang til (…) variert materiale og verktøy for skapande verksemd (Rammeplanen, 2011:44).

Teikning

Det vart mange flotte teikningar og brev.

Njøs

På Njøs finn ungane alltid på mykje kjekt; dei springer, rullar, klatrar, balanserar og sklir.

  • Naturen gir rom for eit mangfald av opplevingar og aktivitetar til alle årstider og i all slags vêr (Rammeplanen, 2011:44).
Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Papphus

Papp

Det var stas å få leika med papp ute; dei samarbeida om å laga ulike hus.

Gjennnom arbeidet med kunst, kultur og kreativitet skal barnehagen bidra til at barna tek i bruk fantasi, krativ tenking og skaparglede (Rammeplanen, 2011:44).

Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Giraffgruppa

Bokstavar

Giraffane skreiv namnet sitt med plastelina.

Personalet må la barna møte symbol som bokstavar og siffer i daglege samanhengar og støtte barna når dei tek initiativ til å telje, sortere, lese, leikeskrive eller diktere tekst (Rammeplanen, 2011:41).

Spel

Giraffane spela butikkspelet; då får dei øving i siffer, myntar og rekning.

Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Leikehus

bilde (2)

Fire flinke karar som monterte det flotte, nye leikehuset!

Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Pysjamasfest!

På fredag hadde me pysjamasfest i barnehagen; då gjekk alle ungar og vaksne i pysj og so hadde ungane med seg kosedyret sitt.

Eventyr

Me hadde fellessamling nede med godnatthistorie og godnattsongar. Samlinga starta med morosam dramatisering av forteljinga om Gullhår og dei tre bjørnane. Då fekk tre av kosedyra vera bjørnane i forteljinga:-)

Bamse

Etterpå fekk alle stå framme og visa pysjen sin og fortelja om kosedyret sitt.

Boller

Samlinga vart avslutta med godnattsongar medan alle ungane låg og kvilte på golvet. Etterpå kosa me oss med gode bollar til lunsj på avdelingen oppe.

  • Personalet må skape eit miljø der barn og vaksne dagleg opplever spenning og glede ved høgslesing, forteljing, song og samtale, og vere bevisste på kva etiske, estetiske og kulturelle verdiar som blir formidla (Rammeplanen, 2011:41).
Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Utedag

Tysdag var det fint vårver, og me bestemde oss for å ta med oss nista og tilbringa dagen ute. Me delte oss i aldersdelte grupper. Revane gjekk til Hundremeterskogen, Sommarfuglane gjekk på tur med dei Oppe, medan Giraffane gjekk til Njøs.

Lunsj

Giraffane tok ansvar, samarbeida og hjalp kvarandre 🙂

sag

Ungane fekk prøva seg med sag og hagesaks.

Leik

Moro å klatra i tre og fjell, knusa stein og køyra traktor 🙂

  • Personalet må bruke ressursane i nærmiljøet til gode opplevingar og læring som er tilpassa føresetnadene og interessene til barna, og sørgje for at barehagen bidreg aktivt i nærmiljøet (Rammeplanen, 2011:48).
Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Kongetromma

Instrument

Måndag var me so heldige at me fekk besøk av ei dama, Lidia, som dansa og ein mann, Celio, som spelte på ulike instrument. Dei reiser rundt til ulike barnehagar og framfører konserten Kongetromma for barn i alderen 3 – 5 år. Som førebuing skulle alle laga kvart sitt instrument. Giraffane laga regnstav, Revane laga blåsefløyte og Sommarfuglane laga knitrepapir. Me har òg høyrd forteljinga Kongetromma i samling.

Konsert

Ungane skulle bruka instrumentet sitt når Celio spelte på det tilsvarande instrumentet.

Kongeromma

Me fekk òg vera med å dansa saman med Lidia. Alle følgde godt med og syns det var kjekt med konsert i barnehagen:-)

  • Personalet må sørgje for at barna opplever lokale, nasjonale og internasjonale kunst- og uttrykksmåtar, og at dei får møte kunstnarar (Rammeplanen, 2011:44).
Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Adventstund i kyrkja

Kyrkja

Torsdag gjekk alle små og store frå Askedalen bhg til kyrkja. I kyrkja samlast det ungar frå Askedalen, Henjahaugane og Nybø bhg til ei koseleg adventstund. Me song julesongar, tende lys og høyrde forteljinga om Jesusbarnet.

  • Gjennom arbeidet med etikk, religion og filosofi skal barnehagen bidra til at barna blir kjende med religion, etikk og filosofi som del av kultur og samfunn (Rammeplanen, 2011:47).
Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Snøleik

SnømannSnømann:-)

LeikLeik

Snø

Aking

Snølykt

Snølykt

  • Gjennom arbeidet med kropp, rørsle og helse skal barnehagen bidra til at barna får gode erfaringar med friluftsliv og uteliv til ulike årstider (Rammeplanen, 2011:42).
Posta under Adeling Nede, Avdeling Oppe | Kommenter innlegget

Snø :-D

Snø

Snø2

Snø3

Snø4

Kjekt for store og små at snøen endeleg kom! Då vart det laga snømann og snøhola og det vart mykje aking.

  • Personalet skal følgje opp barns leikeinitiativ og tilby leik og spel der barna er fysisk aktive og opplever glede gjennom meistring og fellesskap (Rammeplanen, 2011:42).
Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Advent

Advent

I desember har me adventsamling kvar dag; då er det barnet som opnar adventspakke i fokus, me tenner lys, syng julesongar og høyrer juleforteljingar. I adventspakken får dei ei pepperkaka og ein lapp der det står ein julesong me skal synga.

  • Gjennom arbeidet med etikk, religion og filosofi skal barnehagen bidra til at barna får kjennskap til kristne høgtider og tradisjonar, og tradisjonar knytte til høgtider i religionar og livssyn som er representerte i barnegruppa (Rammeplanen, 2011:47).

Alle barna har bidrege i pepperkakehuslaginga; nokre har teikna korleis veggane og taka skulle sjå ut og nokre har pynta:-) Dette flotte pepperkakehuset og andre fine hus kan de sjå utsilt i vindauget til biblioteket.

  • Gjennom arbeidet med kunst, kultur og kreativitet skal barnehagen bidra til at barna tek i bruk fantasi, kretiv tenking og skaparglede (Rammeplanen, 2011:44).
Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

Månadsplan desember Oppe:)

Månadsplan desember 2013

Posta under Vedtekter | Kommenter innlegget

Månadsplan desember nede:)

mndplan Desember 2013[1]

Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget

«Kafe»

Baking

På fredag hadde me aldersdelte grupper; giraffane baka rundstykker, revane laga julepresang og sommarfuglane gjekk tur.

  • Personalet må organisere kvardagen slik at det er ei gjennomtenkt veksling mellom periodar med ro, aktivitet og måltid, og bidra til at barna kan lære gode vanar og haldningar og få kunnskap om kost, hygiene, aktivitet og kvile (Rammeplanen, 2011:42).

Kafe

Ein av ungane hadde lyst at me skulle laga kafe; so da laga me langbord i glashuset og so måtte alle gå på kjøkkenet og finna seg mat. Me hadde grove rundstykker, kokt egg, kaviar, pølsa, rødbetesalat, italiensk salat og agurk.

  • Gjennom arbeidet med nærmiljø og samfunn skal barnehagen bidra til at barna utviklar tillit til eiga påverknad på fellesskapen (Rammeplanen, 2011:47).
Posta under Adeling Nede | Kommenter innlegget